Vi har høyrt han seie det mange gongar, medan han peikar og ser innover og forbi Hjørundfjorden. I bakgrunnen stikk det opp ein markant spiss og steil fjelltopp. Sjølv frå plassane kring Ålesund kan du sjå han, der han skil seg ut med den karakteristiske forma. Så vi tenker, kva gir vi i bursdagsgåve til ein som fyller 70 år, og har det meste som trengs? Kanskje ein tur til Hornindalsrokken hadde vore noko?

Tekst og foto: Johan Inge Kistrand.

Hornindalsrokken ligg på grensa mellom Stranda, Ørsta og Hornindal. Med sine 1527 meter over havet er toppen det høgste punktet i Hornindal. Om det er første gong du køyrer RV 60 mellom Stranda og Hornindal, er det vanskeleg å ikkje stoppe opp ved Honndøla Bru for å knipse eit bilde. Derfrå tar fjellet seg spesielt godt ut. Kjært barn har mange namn, og ofte blir fjellet berre omtalt som Rokken, eller Rokkjen.

Ideen om bursdagsgåva fall godt i smak hos jubilanten. Endeleg skal han få kome seg opp på fjelltoppen som han så lenge har hatt lyst til å klive opp på. Vi set av ein dato i september som passar bra. Planen er å gjere litt ekstra hygge ut av turen og leggje inn ei teltovernatting på vegen opp.

Vi køyrer av garde i retning Stranda frå Ålesund utpå ettermiddagen. Etter Hellesylt følgjer vi RV 60 og tar av til ein bomveg ved utsiktspunktet Honndøla Bru. Vegen tek oss opp til Hornindalssætra kor vi får parkert. Herfrå får vi ein slak og roleg start på turen blant beitande sauer innover Sætredalen. Starten går på ein gammal traktorveg, som etterkvart går over til sti. Vêret er bra, og vi håpar berre på at meldingane for neste dag skal stemme. Med tung oppakning er det greitt at vi ikkje skal ta den verste stigninga i dag. Etter ein liten time med gange kjem vi til foten av sjølve fjellet, og vi finn ein eigna plass ved vantet Store Luka for å setje opp telta. Her er mange flotte stadar for telting ved alle dei forskjellige vatna, og ein teltovernattingstur hit er jo ein flott tur i seg sjølv, uavhengig om du skal til toppen eller ikkje. På varme sommardagar er det forfriskande å ta seg ein dukkert i klart og iskaldt fjellvatn, spesielt etter du har klive opp på toppen.

Etter vi har fått satt opp telta, set vi i gong primusen og får gjort i stand litt middag. Ingenting komplisert; frysetørka mat på pose. Men, på fjellet smakar det meste nokre hakk betre enn heime. Gode og mette etter middag blir vi sitjande og berre slappe av og nyte stilla. Det er ikkje noko stress på fjellet. Mørket kjem brått, og etterkvart kryp vi ned i soveposane våre.

Det er lett å kjenne seg liten etter ei natt i telt under Rokken. Foto: Johan Inge Kistrand.

Det er ikkje noko å seie på utsikta då vi vaknar neste morgon. Hornindalsrokken rett utanfor soveromsvindauget. Skyene kransar kring toppane i området, men vi har trua på at det vil lette utover dagen. Heldigvis er det ikkje regnvêr. Alle har sove godt og er utkvilte. Det er noko heilt eige ved å vakne ute i frisk luft, og samtidig ha lagt igjen kvardagens mas og tjas heime. Mobiltelefonane og andre forstyrrande duppedittar er lagt bort, og vi kan berre senke skuldrane og slappe av. Vi tar oss god tid til frukost, og morgonkaffien smakar ekstra godt ute i det fri medan vi studerer fjellet og ruta oppover. Det kan sjå bratt og uframkomeleg ut, men innimellom skimtar vi snev av ein sti som buktar seg oppover den bratte fjellsida. Vi håpar det berre ikkje er glatt og sleipt. Etter kaffirunde nummer to pakkar vi saman telt og utstyr, og tar berre med dagstursekkar vidare. Resten gøymer vi bort og lar ligge til vi kjem ned igjen. Ingen vits i å dra med seg meir enn nødvendig. Så startar vi på oppstigninga. Det er stort sett tørt og fint, så vi får godt grep med skoa. Terrenget er lett blanding av god sti, litt sva og enkel klyving innimellom, ingenting vanskeleg. Pulsen stig i takt med høgdemetrane vi legg bak oss. Samtidig openberrar det seg ei fantastisk utsikt vestover og vi må stoppe litt opp innimellom å forsøke å namngi toppane vi ser rundt oss. Nabotoppen Rokkekjerringa tar seg godt ut herfrå. Det er 500 bratte høgdemeter før det begynner å flate litt ut. Men det går radig oppover. Jubilanten går først og held høgt tempo, og då vi når enden av den første motbakken er det tid for ein liten pust i bakken.

På veg oppover mot Rokken. Foto: Johan Inge Kistrand.

Her er det mogleg, om ein vil sanke fleire toppar, og ta ein avstikkar til Lidafjellet, og få storslått utsikt mot Hornindalsrokken. Men så spørs det jo om ein har krefter igjen til det. Vi står over denne gongen. Vidare skal vi runde austsida av toppen. Her er det steinur heile vegen med unntak av nokre snøfelt. Slak og behageleg stigning gjer at vi raskt kjem til nordsida av toppen kor vi startar på sjølve toppstøtet. Etterkvart som vi kjem oss på sjølve ryggen begynner det å bli smått luftig. Her blir det stupbratt ned mot Tyssevatnet. Men lir du av høgdeskrekk, er det fullt mogleg å halde god avstand til dei bratte sidene. Utsikta dei siste hundre høgdemetrane er storslagen, og vi stoppar mykje for å sjå oss rundt. Bakover tittar Hjørundfjorden og fjella som ruver på begge sider fram.

Vi når toppen og får gleda av å nyte stunda og samle inntrykka aleine. Jubilanten er stornøgd over å ha nådd målet og imponert over utsikta. «Eg kan jo nesten sjå heim herfrå». Langt der bak i enden av fjorden kan vi skimte Solevågen og delar av Ålesund. I retning sørover er det utsikt mot fjell så langt auget kan sjå. Vi får kjensla av å vere midt i smørauget medan vi ser oss rundt.

Endeleg på Rokken. Foto: Johan Inge Kistrand.

Vi har vore heldige med vêret så langt på turen. Regnvêret har halde seg unna, og innimellom har sola titta fram. Men det er kaldt her oppe, og vi får ein forsmak på vinteren idet nokre få snøfnugg begynner å dale i lufta. Samtidig dukkar regnbogen opp og det kan sjå ut til at det er ein del byer på veg. Det har kome fleire turgåarar til toppen. Det høyres ut som at alle er like begeistra. Siste resten av matpakka blir spist, og vi knipsar nokre obligatoriske bilde før vi pakkar saman og begynner på returen.

Vi går same vegen tilbake, og møter fleire som er på veg opp. Foreløpig er det stort sett tørt og fint, slik at det ikkje blir noko problem å gå ned dei brattaste partia. Men det svir likevel godt i låra nedover stien mot teltplassen vår.

Nede igjen ved teltplassen. Foto: Johan Inge Kistrand.

Vel nede ved campen finn vi tilbake til utstyret vårt, og pakkar om igjen før vi tar fatt på den siste biten tilbake til bilen. Med dagens temperatur fristar det ikkje akkurat med ein dukkert, så det får bli ein annan gong. Det kjem nokre regndråpar og bak oss begynner toppen å forsvinne litt i skydekket. Vi trur vi fekk besøkt toppen på akkurat det rette tidspunktet.

Nede ved bilen kler vi på oss tørre klede og køyrer mot Volda kor vi finn ein restaurant og set prikken over i-en på bursdagsfeiringa med middag og kake. På veg heim til Ålesund stoppar vi ved Solevågen og kikar bak oss. No kan han endeleg seie: «Der oppe, der har eg faktisk vore.»