Stadig fleire vender heim til den kvite bygdebyen etter fleire år ute i den store vide verda. Vi har tatt ein prat med nokon av dei.

Tekst og foto: Martin Andrè Kristoffersen

Marita Solli og Pedro Matos

Marita og Pedro.

Marita Solli (35) vaks opp i Sollia på Kjølås og flytta frå Stranda som 18-åring pga. studier. I hovedstaden traff ho Pedro Filipe Matos (37) og sommaren 2016 gifta det friluftsglade paret seg. Vinteren 2018 flytta Marita, Pedro, sonen Viktor (1) og hunden Elly (6) tilbake til heimbygda.

– Kvifor valde de å flytte heim til Stranda?

Pedro: Det var i utganspunktet eg som ville til Stranda. Men indirekte har Marita alltid sagt at når vi skulle til Stranda, då skulle vi heim til Stranda, og når vi skulle tilbake til Oslo der vi budde, så sa ho at vi skulle til Oslo. Det var noko underliggande der.

Marita: Stranda er alltid heime.

Pedro: Også ville vi ha meir fritid. Tid til å vere meir med barn og familie. Sykle meir, stå meir på ski, gjere meir av alt det vi likar best å gjere.

Pedro på fin flytsti berre fem minutt heimefrå. Foto: Martin Andrè Kristoffersen

Marita: Vi ville sleppe å pakke full bil for å fare frå Oslo.

Pedro: Vi blei jo sure og slutta å prate med kvarandre på heile turen tilbake til Oslo frå Stranda. Fordi vi ikkje ville til Oslo.

Marita: Det vart jo litt slik når vi budde i Oslo og jobba der, også gjorde vi alt anna utanfor Oslo, og reiste ofte heim igjen. Då tenkte vi: Kvifor ikkje berre flytte livet vår hit i staden? Vi er jo veldig glade i Oslo då, det ska jo seiast, men nei, det er litt rett tid og rett stad. Eg har alltid hatt lyst til å flytte heim igjen, men har ikkje budd heime på 17 år. Det er ei stund sidan, men vi angra ikkje på at vi flytta heim.

– Korleis har det vore å flytte tilbake?

Marita: Det er veldig godt å flytte heim igjen. Det er eit mykje roligare tempo enn kva vi har vore vane til, det set vi pris på. Og så er det lettare å berre ta ein liten tur ut, ein sykkeltur, ein tur på skogsvegane eller ein liten tur i fjøra.

Pedro: Eg som kjem utanfrå, føler meg veldig velkomen her. Praktiske ting har lagt seg raskt til rette som til dømes barnehageplass og godkjenning for å skilje ut tomta vi skal bygge hus på.

– Kva liker de best med Stranda?

Marita: Det er jo sjølvsagt naturen.

Pedro: Høge fjell, djupe fjordar. Mogligheita til å bruke mest mogleg tid ute.

Marita: Det var litt sketchy å flytte frå Oslo, som ofte har sol, til ein stad med regn og grått vêr. Men det er jo nesten alltid fint vêr her også. Det har vore fint vêr sidan jul, det har faktisk det.

– Kva saknar de her?

Pedro: Eg saknar jo mine næraste vener i Oslo med jamne mellomrom.

Marita: Eg saknar jobben, vener og stamplassane våre i Oslo, som til dømes Sushi-hjørnet.

– Kva likar de best å gjere her på sommaren?

Marita: Gå på Lievarden, Dregetua, og bade. Eg likar å grille, ete jordbær frå Valldal og softis frå Esso.

Pedro: Ein rask sykkeltur opp og ned Dregetua, og spise mest mogleg is, det er eit mål med sommaren. Minst ein is om dagen.

 

 

Linda Opsvik

Linda Opsvik.

Linda (29) vaks opp på garden Opsvik inst i bygda og flytta frå Stranda som 19-åring pga. studier. Ho flytta tilbake til heimbygda hausten 2017.

– Kvifor valde du å flytte heim til Stranda? 

– Eg flytta heim fordi eg synest Stranda er ein veldig fin plass, også bur kjærasten min her, så det var eit veldig enkelt val. Eg er student, så det passar bra at eg studerer medan han jobbar… hehe. Dei siste åra har eg har pendla frå Ålesund til Stranda stort sett kvar helg, så det er ingen tvil om at Stranda er heimen.

– Korleis har det vore å flytte tilbake? 

– Det beste med å flytte heim er å vere så nærme alle dei flotte fjella. Sjølv om det ikkje har blitt så mange turar som eg kanskje skulle ønskje, så er det godt å vite at dei framleis står der når eg er ferdig med masteren. Det er også veldig kjekt å vere nær familien. Eg vaks opp på gard og synest det er kjekt å hjelpe til med for eksempel å hente tømmer frå skogen eller lage ved.

– Kva liker du best med Stranda? 

– At vi har både fjord og fjell, og strand om du vil. Sidan eg flytta hit, har eg også blitt med i Stranda Røde Kors Hjelpekorps. Det har vore veldig kjekt, lærerikt og ikkje minst har eg møtt mange kjekke personar.

– Kva saknar du her? 

– Kan ikkje akkurat seie at eg manglar noko, men kanskje litt fleire sosiale tilbod for dei som er 30+. Det kjem ganske mange flyttande til Stranda, og eg trur det hadde vore kjekt for dei å ha ein plass å møte andre.

– Kva likar du best å gjere her på sommaren? 

– Det er veldig kjekt å gå på tur, jogge, fiske, grille og sole seg på stranda. Favoritturen trur eg må vere Lievarden. Her får du utsikt i verdsklasse samt ei god treningsøkt utan å måtte bruke heile dagen. Om ein vil ein ha ein lengre tur, kan ein setje nasen vidare mot eit av Blåhorna. Når det først er sommar på Stranda, er det utenkjeleg å reise vekk, det finst vel ingen plass med fleire moglegheiter og finare natur om ein leitar aldri så lenge.

 

Andrea Ørjasæter Aaland

Andrea Ørjasæter Aaland.

Andrea (29) vaks opp på Langlo, og flytta frå Stranda som 19-åring for å studere. Ho flytta tilbake til heimbygda i 2016.

– Kvifor valde du å flytte heim til Stranda? 

– Eg har alltid tenkt at eg skulle heim til Sunnmøre. Eg budde ca. ti år vekke før eg flytta heim. Då eg søkte jobb og fekk jobbtilbod, måtte eg gripe sjansen og slå til.

– Korleis har det vore å flytte tilbake? 

– Det har vore veldig kjekt. Eg var veldig spent på om eg kom til å trivast både med jobben og med å kome heim igjen. Men eg stortrivst så langt. Her får eg vere med familie, eg har ein spennande jobb og får vere ute i naturen akkurat som det passar på fritida. Heilt innafor.

– Kva liker du best med Stranda? 

– At alt er så lett tilgjengeleg med tanke på fritidsaktivitetar, og når eg først er heime, er eg verkeleg heime.

– Kva saknar du her? 

– At fleire nyttar seg av tilboda vi har på Stranda og engasjerer seg slik at det blir meir sosialt. Elles saknar eg ein del vener rundt om i verda, men kvardag er det uansett kvar ein er.

– Kva likar du best å gjere her på sommaren? 

– Eg likar å vere ute og springe i fjella, gå på tur, henge med venar, grille og vere mykje i Geiranger og Norddalen. Det er mange flotte fjellturar både i Geiranger og Norddalen. Eg har vakse opp med Herdalssetra og Kallskaret i Norddal som klassikarar, medan Vinåshønnet i Geiranger er ei perle om eg vil ha ein pause frå turistane.