Det er noko med plassar som er uløyselig knytte til ei årstid. Typiske sommarstader som Mallorca eller Geiranger er noko heilt anna midtvinters. Stengde restaurantar, tomme hus, tomme gater. Ein og annan gamling som kranglar med naboen. 

Tekst: Are Kalvø. Illustrasjon: Ross Bodenmann 

I vinter var eg ein god del på Sørlandet, og eg må innrømme at eg var bittelitt overraska over at Sørlandet i det heile tatt fanst i februar. Sørlandet ser så komisk sommarlig ut at det er lett å tru at alle dei små kvite trehusa blir demonterte og sende til lagring og måling i oktober ein gong, at alle dei maritime små kafeane blir plukka frå kvarandre, moloane blir bretta saman og frakta vekk, og alle dei lune brune gamlingane med kvitt skjegg barberer seg og flyttar til Thailand. Slik at viss du kjem dit ein eller annan gong mellom november og påske, så er det berre tomme svaberg å sjå.

Men nei då. Trehusa stod der. Men det var jo mykje mindre folk i gatene enn om sommaren. Og iskioskane var stengde. Gamlingane med skjegg såg eg heller ikkje. Eg har mistankar om at dei faktisk er i Thailand. Sørlandet om vinteren ser ut som ein plass som berre ventar på at noko skal skje.

Slik kan det også vere lett å tenke om typiske vinterstader. Stader med fleire skitrekk enn barnehageplassar. Stader med fleire after-ski-tilbod enn dagligvareforretningar. Kjem du dit midt på sommaren, så ser dei ut som dårlig besøkte vintermuseum, med tomme trekk og bord som ingen dansar på.

Mange har eit sommarforhold til Geiranger. Nokon har eit vinterforhold til Stranda. Men fjordar og fjell blir ikkje demonterte. Stranda heiter Stranda, trass alt. Det blir ikkje meir sommar enn ei strand. Og fjell kan du gå eller stå på heile året, om du liker slikt. Og det gjer folk. Viss det er tomt i gatene ein dag midt på sommaren på Stranda, så er det berre fordi alle er heime i hagane sine og grillar og solar seg. Eller så står dei på ein eller annan fjelltopp og tek bilde av seg sjølve, og så legg dei ut bilda, slik at bilda kan nytast av alle andre som står på andre fjelltoppar og tek bilde av seg sjølve.

Og i bakgrunnen på bilda kan ein sjå noko som liknar på skyer.

Det er ikkje det.

Det er røyken frå alle grillane.