«Vi kan dele inn menneskjer i to grupper; forrett- eller dessertmenneskjer. Eg er definitivt eit dessertmenneskje» seier Bengt Dahlberg med eit smil. 

Tekst og foto: Martin Andrè Kristoffersen

2010 blei starten på eit sjokoladeeventyr. Skåningen Bengt Dahlberg flytta til den verdsberømte fjordbygda, lengst inne i Geirangerfjorden. Kontrastane frå storbylivet i Stockholm til bygdelivet i Geiranger var store.

– Eg flytta hit i 2010, då eg på den tida hadde ein kjærast som kom herifrå. Ho ville ikkje flytte til Stockholm, så då fekk eg flytte til Geiranger. Sommaren 2009 tok eg turen for å sjå om eg kunne tenkje meg å bu her. Eg tok meg jobb som massør og guide og likte meg godt, men eg kunne ikkje tenkje meg å jobbe som massør resten av livet. Av ein eller annan grunn fann eg og sambuaren eg hadde på den tida ut at vi kunne lage sjokolade. Eg har alltid vore glad i sjokolade. Vi kan dele inn menneskjer i to grupper, forrett- eller dessertmenneskjer. Eg er definitivt eit dessertmenneskje. Men eg hadde aldri laga sjokolade før.

Etter fire dagar med sjokolademakarkurs, to dagar hos ein konditor i Fredrikstad og to dagar på restaurantakademiet i Stockholm, var Bengt klar for å endre yrkeskarriere. Han byrja å eksperimentere med sjokoladeproduksjon heime på kjøkkenet.

– Jula 2009 blei eg ein veldig populær onkel då onkelbarna mine fekk smake mykje eigenprodusert sjokolade. Vi planla å opne Geiranger Sjokolade til 17. mai 2010, men det var transportstreik i Noreg den våren, og alt gjekk ikkje etter planen. Vi opna 6. juni, på Svenska flaggans dag.

Bengt har blitt ein mester på å tilverke sjokolade. Den svenske avisa Expressen plasserte Geiranger Sjokolade på si topp ti-liste over europeiske sjokoladedestinasjonar. Men enda høgare heng nok omtala han nyleg fekk av boka Chocolate – The reference standard, the chocholate tester 2015, skriven av den anerkjende tyske konditoren Georg Bernardini. Den tyske sjokoladetestaren har for denne boka testa 4000 ulike sjokoladeprodukt, frå 550 ulike produsentar i 70 ulike land. Bengt sin sjokolade er den einaste sjokoladen frå Noreg som er med i boka. Og ikkje berre det: På ei eksklusiv liste over verdas 34 mest spennande sjokoladeprodukt, har Bengt to produkt på lista: Sjokoladen med blåskimmelost og sjokoladen med brunost. Med andre ord, det er ikkje berre naturen i Geiranger som held verdsklasse.

Korleis bestemde de dykk for kva Geiranger Sjokolade skulle vere og smake?

– Då vi starta Geiranger sjokolade, ville vi produsere sjokoladen lokalt og fjordnært; sjokoladen blir laga i eit gamalt naust. Men også jordnært, å ha så reine og lokale ingrediensar som mogleg. Dei lokale ingrediensane vi kan putte i sjokoladen vår er fantastiske. Til dømes jordbæra frå Valldal og bringebæra frå Norddal. Eg har faktisk ikkje sett tilsvarande bringebær i Sverige. Dei er magiske.

Korleis er prosessen når du lagar ein ny type sjokolade?

– Det er ikkje så lenge sidan vi fekk ein førespurnad frå Hurtigruta om å vere sjokoladeleverandør til deira nye matkonsept – Norway’s coastal kitchen. Dei ville ha ein ny smak, ein nordisk smak. Vi kom fram til smaken av norske eple. Oppe på Møll, ein gard ikkje så langt frå Ørnesvingen, er det ein gamal frukthage med epletre. Resultatet blei sjokolade med eplesmak. Vi forsøkjer å sjå kva som finst omkring oss og lagar sjokolade utifrå det. Men eg finn også inspirasjon frå spennande smaker frå andre land. Det blir jo til at eg lagar sjokolade ut frå kva eg tykkjer er godt.

Kva er god sjokolade for deg?

– Du skal smake kva den er laga av, og den skal ikkje vere for søt. Til dømes smakar belgisk sjokolade altfor søtt for min smak. Sjokolade skal også ha fin konsistens. Eg vel å lage sjokolade i skorne biter. Mange vel å lage sjokoladen i støypte former, men då blir sjokoladeskalet veldig tjukt. Med tynnare sjokoladeskal får ein fram smaken av fyllet betre. Om eg vil ha rein sjokoladesmak, et eg heller ei sjokoladeplate.

Har du eit tips til kva besøkjande i Geiranger må oppleve?

– Ein må jo oppleve fjorden. Den mest klassiske av alle er jo turen til Skageflå. Start med ribbåttur på fjorden med drop-off i Skagehola. Derifrå kan ein vandre tilbake til Geiranger via fjellgarden Skageflå. På denne måten opplever ein fjorden både frå båten og fjellet. Då skal ein sjølvsagt ha ein strut med blåbærsjokoladen Skageflå i sekken.