Severin følgde draumen og tok opp arven etter forfedrane langs Storfjorden. No vil han inspirere deg til å følgje din draum. 

Tekst: Ole Kristian Årdal. Foto: Martin Andrè Kristoffersen.

8. mars 2009 fekk over ein million nordmenn bli med Oddgeir Bruaset på besøk til 25 år gamle Severin Rønes i TV-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Sjåarane fekk bli kjent med ein ung og sjarmerande Sykkylving, som hadde valt å busette seg på den veglause garden Rønes ved Storfjorden. Mot slutten av TV-programmet meinte Oddgeir at Severin trong eit kvinnfolk på garden og lurte på kva ungkaren hadde å tilby?
– Villmark, svara Severin.

Rønes ligg idyllisk til ved Storfjorden. Foto: Martin Andrè Kristoffersen.

 

– Eg hugsar ein dag eg var på veg til jobb med båten inn til Stranda. Det var ein nydeleg morgon med blikkstille fjord og raudleg lys over himmelen før sola stod opp. Etter at eg hadde kome eit stykke innover såg eg plutseleg noko i sidesynet. Eg stoppa, og plutseleg var der massevis av grindkval som kom opp på sida av båten. I bakgrunnen stod fjellet Lauparen som ein silhuett mot den raudglødande himmelen, medan desse kvalane kom opp med hovudet som det her, ikkje sant, rett opp sånn, berre for å sjå på meg.

Severin illustrerer i badestampen korleis grindkvalane duppa opp og ned for å sjå på han den morgonen, der han stod med skjeggete andlet og blå termodress i båten på veg til jobb. Han får blanke auge medan han mimrar tilbake til den morgonen.

– Eg er så utruleg heldig, seier han.

Kjenner du deg alltid like heldig, eller kan det vere skikkelig kjipt å bu her av og til?

– Når eg får motorstopp midt ute på fjorden i dårleg vêr, og det er ti minutt til eg skal vere på jobb, då tenkjer eg: «Kva er det du held på med? Gidd eg dette her meir?». Desse tankane kjem av og til, men så forsvinn dei veldig fort igjen. Det er så mange fine opplevingar som få andre får oppleve i kvardagen.

Noko du ofte seier i TV-serien din er: «Ditta he e aldri sett før!» Det verkar som du stadig er på oppdagingsferd?

– Eg tenkjer med det same på det lemenet eg såg som sumde over fjorden. Og eg berre: «Hæ! Er det mogleg?». Då det kom over på andre sida var det heilt utmatta. Sånne ting lev og andar eg for. Det er heile tida noko nytt å sjå og oppdage, iallfall om du leitar litt og er ute i naturen. Langs fjorden ligg det skattar over alt, rett framfor nasen på deg, som du enda ikkje har sett.

Er det dette mange i dagens samfunn har mista, denne oppdagingsferda?

– Heilt klart. Eg trur mange folk har hatt det til ein viss grad, gjerne i barndomen. Eg får mange kommentarar frå folk som seier: «Dette kjenner eg igjen, dette gjorde vi som barn».

Men kvifor mistar dei fleste dette når dei blir eldre?

– Det er kanskje sånn i dag at du blir forma heilt i frå du begynner i barnehagen. Alt er lagt til rette for at du skal gå den rette sti. Du skal inn i eit slags system, skapt av forventningar og press frå samfunnet. Det var ikkje alle som syntest det var like lurt det eg heldt på med, men eg trur at uansett kva som skjer i framtida, så kjem eg til å vere stolt av det eg gjorde og tenkte då eg flytta til Røneset.

No har Severin budd på garden i elleve år. Den første tida kunne han vere fleire veker aleine, utan å møte eit einaste menneske. Då kunne han oppleve angst dei få gongane han måtte til butikken for å kjøpe mat.

Kva inspirerte deg til å slutte i jobben, flytte ut hit og leve det livet du lever i dag?

– Eg vaks opp med bøkene til Fønhus og Ingstad. Når eg las var det noko som skjedde med meg og eg begynte å filosofere over verdiane i livet. Skulle eg satse på ei sikker utdanning og få meg fast jobb, hus, heim, bil og familie, eller skulle eg gjere det er verkeleg hadde lyst til?

I boka Pelsjegerliv frå 1931 kan ein lese om Helge Ingstad som gjekk frå eit trygt tilvære som advokat i Levanger til å leve som pelsjeger i Canada.

– Den er så fin den beskrivinga: «Efterat våre innkjøb var undagjort, hadde vi akkuratt nok mynt til toget så langt det gikk, og to glass øl». Då var det slutt, då hadde han ikkje noko meir, og måtte jobbe som pelsjeger, seier Severin.

I TV-serien får vi også møte bestefaren din, som sjølv budde på garden for snart 50 år sidan. Kva rolle spelar han i livet ditt i dag?

– Han har vore ein viktig rådgjevar og er vel den einaste eg kan snakke med som veit kva det går ut på å bu her. Han fortel mykje om tida si her på garden. Han fiska på fjorden, og når fabrikkane stengde låg han utanfor kaia på Stranda og selde fersk fisk.

Severin er svært opptatt av lokalhistorie og brukar mykje tid på å lese om og besøke dei gamle gardane som ligg langs fjorden. Arven etter forfedrane var ein av hovudgrunnane til at han valde å busette seg akkurat her.

– Dei som budde her før hadde sikkert i tankane at her er ein god plass å vere, og her skal det bu folk i tusenvis av år. Derfor la dei inn alt dei kunne for å gjere dette til ein enda betre plass. Men så blei det ikkje sånn, og det var nok det som gjorde at eg tenkte: Ok, no skal iallfall eg prøve å gjere det eg kan for at det blir brukt og tatt vare på.

Du har tidlegare sagt at meininga med livet er kjærleiken og naturen?

– Har du dei to har du vunne i lotto. Kjærleik er noko vi alle vil ha og treng, det same gjeld naturen. Har eg begge deler er iallfall eg nøgd. Og det skal jo vere sagt, at når ein bur på ein sånn plass og lever som eg gjer, då er det ingen sjølvfølgje å få oppleve kjærleiken.

I sesong ein av Severin får vi sjå Jelena Mensah kome på besøk til Røneset. Ho er opphavleg frå Danmark, oppvaksen i Vesterålen og hadde nyleg flytta til Ålesund då ho blei invitert i ein bursdagsfest på Røneset i samband med jobb. I dag er dei sambuarar og Jelena har blitt ein viktig støttespelar på garden.

Kva råd vil du gi til dei som sit heime og drøymer om eit liv nærmare naturen?

– Du har berre eitt liv. Dette blir litt klisjéaktig, men om du tenkjer over det, så har du berre det – eitt liv. Tida går veldig fort og så er det slutt. Det er utruleg viktig at du gjer det du tenkjer sjølv, same søren kva det er. Det er ein barriere å gå frå det trygge og ha alt, til kanskje å miste litt fotfeste. Tenk praktisk og lag ein plan på korleis du skal greie å realisere draumen din med tanke på familie og økonomi. Det er mange måtar å gjere det på.

Kva drøymer Severin om no?

– Eg drøymer om å overvintre på ein av fjell- eller fjordgardane inne i Sunnylvsfjorden eller Geirangerfjorden. Med utgangspunkt i å leve så likt som overhovud mogleg som dei siste fastbuande gjorde. Det trur eg hadde passa meg midt i blinken. Spørsmålet er om eg greier å få med Jelena, men eg skal nok klare å overtale ho, seier Severin og smiler lurt i stampen.

Severin sine tre tips til turar med start frå fjorden

1: Djupdalen

Flott og spektakulær tur med start like innanfor Stordalsholmen, i retning Stranda. Veldig spesiell stigning opp til garden, med vegen meisla ut frå fjellet. Ein plass som er gøymd og gløymd på mange måtar. Eg blir alltid like inspirert på denne turen, av folka som budde der oppe og bar ting opp og ned. Dei bygde også båtar på denne garden, og frakta dei ned langs elva på vinteren. Tenk berre å kome på det: Okei, her skal oss bygge båt, fleire hundre meter oppe i fjellsida.

2: Korsadalen

Ligg ca midt mellom Yste Skotet og Skotungane. Når du kjem opp til garden kan du halde fram innover Korsadalen. Dette er eit eventyrland for meg. Felles for både Korsadalen og Djupdalen er at der er veldig lite folk. Du får kjensla av at det er urørt, sjølv om det ligg forholdsvis nært.

3: Skrenakken

Ligg rett over der Storfjorden deler seg i Sunnylvsfjorden og Nordalsfjorden. Gå frå fjorden, opp på Skrenakken og følg ryggen opp til Grjotet. Då eg møtte Emma Vågsæter der oppe på garden, slapp eg ikkje forbi utan å kome inn i huset – det var ikkje snakk om ein gong. Berre å få snakke med ho og høyre historier frå garden var ein stor del av turen.

PS: Ta med dreggen i båten, då det ikkje alltid er like godt å legge til. Det beste er kanskje å avtale med ein skyssbåt, men om du har eigen båt er det berre å dregge opp. Eg gjer alltid det. Det er jo ei og anna kai, men då må du nesten avtale med grunneigar.