I lang tid har Stranda og Tynset krangla over kvar den rettmessige skinkehovudstaden i kongeriket Noreg ligg. No er det nok, og tida er inne for å slå fast, ein gong for alle, kvar spekeskinka høyrer heime. 

Tekst: Ole Kristian Årdal. Illustrasjon: Krister Kanck.

1: Fleire generasjonar skinke

Ein gong på slutten av 1800-tallet er skomakar Karl Johan Ringstad frå Stranda på veg nordover for å reparere sko til dei som er på Lofotfiske. I kofferten har han med seg heimelaga mør som proviant på turen. Vel framme finn han raskt ut at fiskarane heller vil bruke pengane sine på andre ting enn å få skoa sine reparert. Dei vil kjøpe spekemat frå Stranda.

Denne oppdaginga får Ringstad til å reise attende til Stranda, og i 1884 starte spekematproduksjon i kjellaren heime på garden. Etter kort tid er produksjonen utvida, Ringstads pølsefabrikker AS blir stifta, og skinkeeventyret er i gang. Etter kvart tok sonen, Jon K Ringstad, over, og gjorde fabrikken til den definitivt største spekematsbedrifta i Noreg.

I dag vandrar Bjørn Petter Ringstad, barnebarnet til skomakar Karl Johan Ringstad, mellom skinkene i dei gamle lokala til Ringstads pølsefabrikker i Kyrkjegata 45 på Stranda. Han er arbeidande styreleiar i Tind Spekevarer AS. Etter at pølsefabrikken vart kjøpt opp av større konsern på 70-tallet, som valde å legge ned produksjonen i 2005, tok arbeidarane sjølv opp stafettpinnen og starta Tind.

– Fagmiljøet i fabrikken har vore i kontinuerleg utvikling sidan 1884. Målet har vore å gjere nordmenn stolte av norsk spekemat, og det føler eg at vi har vore med på å bidra godt til, seier Bjørn Petter Ringstad.

2: Tre skinkefabrikkar i Stranda kommune.

Når folk høyrer orda Stranda og skinke saman, er det lett å tenkje på Strandaskinke. Den blir laga på Grilstad, og er den mest selde spekeskinka i Noreg. Faktisk har Grilstad ein marknadsdel på 45 prosent når det gjeld spekeprodukt. I desse tider utvidar dei fabrikken med 400 kvadratmeter for å kunne lage ei ny type skinke med mindre salt.

Ole Ringdal AS er ikkje berre ein kjøtfabrikk. I Sunnylven slaktar dei nemleg også grisen sjølv. Årleg ender ca. 25 000 dyr frå Sunnmøre og Nordfjord sine dagar på Hellesylt. Bedrifta lagar om lag 500 ulike varer, mange av dei blir røykt på bøkeflis.

Tind er den litle fabrikken med dei dyre og  skinkene. Dei har valt å fokusere på eit eksklusivt segment, og brukar så mykje tid og ressursar for å gjere spekematen så god som råd. Foreløpig har denne strategien vist seg å fungere bra.

– Volumet er ikkje så veldig stort, men vi har hatt god vekst. Vi opplever nok ein mykje høgare vekst enn marknaden sjølv, seier styreleiar Bjørn Petter Ringstad.

3: NM i kjøtprodukt 2016

Ein finn ikkje betre indikator på kvalitet enn noregsmeisterskapet i kjøtprodukt. Det blir arrangert kvart andre år, og spekemat er ein av kategoriane.

Under årets meisterskap vart resultatlista for dei lokale bedriftene sjåande slik ut:

Tind: 5 gullmedaljar
Grilstad: 4 gullmedaljar
Ole Ringdal: 1 gullmedalje

I tillegg sanka bedriftene fleire sølv- og bronsemedaljar, men det er ikkje så interessant for ein skinkehovudstad.

4: Skinkerådhus

Det gamle rådhuset på Stranda har stått tomt i fleire år. Men kva er vel ein hovudstad utan fungerande rådhus? Grilstad tar saken i eigne hender og gjer om rådhuset til skinkerådhus.

– Vi ønskjer å lage ein inspirasjonsarena for forbruk og utvikling av norsk spekeskinke. For identiteten til Stranda er rådhuset eit viktig signalbygg, seier Oskar Gjærde, marknadssjef i Grilstad.

Til rådhuset vil bedrifta invitere dyktige kokkar og matbloggarar for å utvikle gode oppskrifter og serveringstips. Med seg på dette store maktpolitiske skinkeprosjektet har dei meisterkokk Bjørn Tore Furset, som står for planløysinga, og møbeldesignar Torill Slettvoll, som tar hand om innreiinga.

5: World cup-skinke


Då Bjarne Solbakken kryssa mållinja i Beaver Creek den 7. desember 2003, var ei heil skiverd frå seg av begeistring. For det var ikkje berre det at nordmannen hadde slått sjølvaste Hermann ”The Herminator” Maier, og tatt sin første (og einaste) verdscup-siger. Det var imponerande nok i seg sjølv, men det store spørsmålet alle stilte seg, var: Kvar kom desse særdeles velskapte skinkene frå? Ein ting er iallfall sikkert. Dei kom ikkje frå Tynset.

– Som alpinist må ein ha kraftige skinker. Det er vi dømde til å få med all den treninga vi driv på med. Skinke har alt å seie. Vi lagar eigne og et andre sine skinker. So vidt eg veit, har ikkje Tynset fostra ein einaste alpinist, så når det gjeld alpinskinker, ligg Stranda milevis framfor, seier Bjarne Solbakken.