Namnet eller nemninga Huttiheita ska visstnøk ver ei sjømannsførvansking ta namnet på Tahiti. Tahiti låg, før so no, ganske so lengst vekk frå alt, og ettekvart so he namnet altso fått betydninga det he i dag: En otegjengele plass, långt onda vanle følkeskikk. Men Blådalsbjønnen, han lika Huttiheita, og meina at staden finst både her og der. Et møte med Huttiheita kan nemle øftå ver nøke positivt, likso so ei slags kjensle for staden sin einsame estetikk. En stad so e annleis, men der du umiddelbart fell te ro og kjenne de heime. Slik sett e Huttiheita å finne både nær øss og långt onda. Men aller mest finst nøkk staden djupt inni den opplevande delen ta den enkelte. Øss treng derfor kanskje ikkje fare so långt før å finne Huttiheita? Månge ta Blådalsbjønnen sine huttiheitaopplevinga he i alle fall vør meir eller mindre lokale:

Tekst: Blådalsbjønnen

 

Steinen «Matterhorn». 

Vårane i Blådalsbjønnen sin barndom va prega ta leik og flakking i skogå. Skogå rondt barndomsheimen var ihopsette ta vedaskog, beitemark, plantefelt, og bak en og annja falleferdig stein- eller nettinggard: ymse ruskemark, der en knappast kunne fote se. Det va nøkk å utforske før ein 10-åring, særle om vårå, då en endele kunne nyte tysko og lettbeint ferd over brune, nytøya tue og solvarme røbba, med lukt ta turka lyng mylljå einekrylå. Ditte va i dei tide då Statskanalen sin kringkastar va åleine om sendeflate mot vare naturbarnsinn, og fenomenet fargefjernsyn hadde krafti styrkt inntrykka som vart kasta kring på kveldå. En ta barndomsvårå va det sendt et program over to episode om fysstebestigninga ta Matterhorn sin nordvegg , nedi Alpå enkvansteds. Innhaldet va djupt fengslande før en småhyn med all sin bakgrunn i slakare terreng og naiv barnetru. Ikkje minst fjellet sin rovfuglnebbaktige profil feste se på långtidsminnet.  Når den itle oppdagaren nøkre vike seinare gjekk seg frampå ei større steinblokk, i en ny, og mørkare seksjon ta heimeskogå, va magien te stades. Risesteinen minte om nøke frå fjernsyna. Profilen va Matterhornsk, og den mørke brattesida va kald, våt og lite klyvbar, men likevel ikkje spent håplaus. Steinen fekk derfør alpint namn og måtte bestigast. Med klomseferdene te en motorisk middelmåtig småbjønn, med vinterle dvalekondis, va slikt lettare sagt enn gjort. I mørkaste kratte, nøkre hundrede meter onda heimen, hadde Huttiheita etablerte seg i sinnet, som en mystisk og lokkande stad, og i fleire vike va «Matterhorn» et skremande og eksotisk føretak. Og når han endele kreksa seg te tøpps, va magien brøten, og Huttiheita måtte leitast opp annjasteds.

I gjøl og stryk 

Seinare va det øftå draumen om storkredå som drog bjønnen ut på oppdagingsferd. Han søkte mot gjøla i dei lokale elvå. Det e nøke eige framandarta og faretruande med gjøl: Det dondrande bassbulderet i føsså, den insisterande intensiteten i susinga, det alveaktige ljøse mylljå greinå på levande, men vinterkua tre, so strekke seg tvers over elva. Den våte, rå lukta, og grønfargen frå ein ovand botanikk. Og so sjølve tekomsten: Nestenklivring i våte plante og høgt gras, i 45 graders skråninga, der du sjøldå ser ka du trakka på. Sky svarttrast, ringtrast og føssekall so skvett opp. Og kre! Huttiheit på rett! Det e lett å la se forføre, og endå lettare å tru på at storfisken finst akkurat der, i dei djupaste hølane, i det svarte, midt i det djupgrøne, der hølen e på sitt djupaste, og isferd og dondrande vatn he greve ut jettegryte og tehaldsstada før sanne ondevasstrøllj. Du treng ikkje ver månge metrane frå bilveg eller anna sivilisasjon, men i gjølet opna det seg ei anna verd, ei vekkgjømd personli huttiheit. Der kan du førsvinne i drauma om urnatur og urfisk, heilt til uret kalla deg tebake te sanntid og kvardag. Det e ta terapeutiske grunna at Blådalsbjønnen anbefala gjøl – mot det meste.

Illustrasjon: Krister Kanck

Dala nær deg

Alternativ medisin kan vere ei fjelltjønn i en dal der du aldri før he sett foten. For Huttiheita kan likegøtt ligge i Långseterdalen ovafør Urke. Når du før eksempel e på en ta dine fysste fleirdags overnattingstura ein gong i framslengsåra, og pakkramesekken he gnøge se halvvegs gjønå kragebeine, før du endele fe tekje ta de overlasta. Når turfylgjet he kveikt se en brising i utkanten ta sætrevølljå, og supå strupla og bobla på stormkjøken. Då kan du nyte huttiheitkjenslå, medå du lytta te det fleirstemte suse ta bratt elv frå fleire dalføre. Og når supå e hamna i magjen, teltet e ferdig innflytt, og dagsljøse vil vare i endå nøkre små tima, kan en kaste se over kartlesing, og finne ut at en kanskje he ork att te en liten fjellstyvelmarsj opp i Lisjevatnet, der fiskestonga kan svingast mot kveld, onde tesyn frå sjølvaste Slogjen. Fylle du i tillegg steikjepannå med lubne, prikkete småkre frå ei augekvild ta ei fjelltjønn, e huttiheitakvotå rikele oppfyld før en fjellfersking i framslengsaldern. At dagsmarsjen dagen ettepå gjeng gjønå villaste fjelldalane, i et ta dei flottaste områda ta fjellandet Norge, og at neste teltovernatting bli opponde Habostadbreen og Brekketinden sin tanngard, gjer kje at Huttiheita kjennast fjernare. Tvert imot.

Bratt i ytre 

Ei alternativ og vaksnare huttiheit krev sertifikat og køyrety. For på ei øy utme hava på søre Sunnmøre, gjeng det nemle ei klivrerute te vers på et sjøflôg. Ska du finne fram te slike rute, krev det sann huttiheitainnstilling. Før fysst må du kave de fram långsme myrmark med høgt gras og våte depelhøl. Derette vestover ei rullesteinsstrand med stor rullestein, før du må klivre konvekse, 45 graders lyngheie i nøkre minutt og rondt et nes, medå utsikta te sivilisasjonen førsvinn. Bak ryggen din, der du krafsa, e nausta på Færøyane neste støpp. Ettekvart kjem du te en labyrint ta småstup og løddrette klippeheng, på tvers ta skråninga di. Der kan du gjerne klivre ei kortare rute, eller fem mylljå hyllå, men i ditte høvet lyt du fysst og fremst finne de en farbar veg førbi. So må du teslutt sekkje de ned i ei vegetert glyvre so stupe frå fjellplatåe høgt over deg, og frå dinne gjeng det ei smal skråhylle med stritt gras. Nøkre meter vestover når du røsslyng og meir gras, opponde en dels overhengande, mørk fjellvegg. Då e du framme, og medå du pakka klivreutstyret utu sekkjen, høyre du berre spreidde måseskrik og dei tunge dønningane so Norskehavet dryle mot basen ta fjellet ditt.

Fokuset samla se ettekvart på den totale huttiheita so ei klivrerute ingen før he gått, kan skape inni hjernå di. Du merka at du og klatrefylgjet ditt e långt frå følk, långt frå hjelp, og utafør dekning – i alle fall va det slik på 90-talet. Likevel kjenne du de trygg og heime i det ville rondt deg. Roa kjem over de, og endå he kje støsste overraskinga kome! Før fysst når fysstemann, so lenge he plagast i et lite overheng med ei usikra svøde over, men so no he fått att mot og framdrift, og etablert standplass over svødå, endeleg ropa: «Kom igjen!», jau då ser du det: Rutå di gjeng på edelstein! Fleire meter oppette bergjet skin og blenkje den disige havsola på rubinraude granata i ruglete, mørkebrun eklogitt. Du kliv inn i et eventyr, og med stort glis i ansiktet, konsentrera du deg om å plassere føtene presist i den juvelpynta, bratte veggen, Steg for steg dansa du på raude granata, og starta å nynne med sjølvaste Paul Simon; «She’s got diamonds on the soles of her shoes…». Du krafsa deg førbi rubinane, før du traversera åt høgre, og inn i skuggen. Vanskane tetek, og teslutt ste du og kompisen på ei skrånande, salt og grusfylt hylle, opponde et altfør krevande overheng, 30 meter over grastustå, og 70 meter over saltvatnet. Sjøen e einaste utsikta, og om Huttiheita finst, så e det akkurat der døkke e akkurat då. Åleine, med havet og fjellet. Døkke veit at døkke he funne skatten, og at han fanst i sjølve stonda. I nøkre minutt, før kavet med å rigge rapellfestet, e det berre rein og edel andakt uti steinharde Huttiheita.

Urfisk på indre 

Oppi fjella over Jårongjen kan den vaksne huttiheitasøkaren finne meir vidstrekt huttiheit. Kanskje merka han sivilisasjonen litt før gøtt på resene långsmed Kolbeinvatnet, og attme Vievatna, der regulering e synleg, og far etter maskjine endå skjemme. Men pirlite uttafør allfarvegå, finst der, i same område, små huttiheite, so endå kan gi huttioppleving av einsemd og sanning Ette fysst å ha landa seg middag i et ta tilsigsvatna attme Viene, slo bjønnen opp teltet sitt ein slik stad, ein ettemiddatg, ein sommar, før månge år sia. Og medå sola førsvann og brisen heldt myggen onda, fann han fram fisketroå, Han gav se på søk ette nøkre storkre so en kjenning ha førtalt at han ha observert i desse vatna, nøkre år før. Månge kast i utrengsmål fylgde. Resultat- og vonlaus vurderte han teslutt å tørne inn i halvskyminga. Det va då nøke herkje på sneldå gjorde at han kom seinare i gong med innsveivinga enn på kasta før. Og plutsele so høgg det te nedmed bøtna. Ette nøkre fleire djupvassinnsveivinga långs djupare strøk ta den mørke tjønna, hadde han tre solide fiska i lyngen. Ikkje ei ta kredå likna på den meir normale fisken han ha tekje i nabovatna. Alle va mestå svarte og rett ofjølge på skap, med stort haud og uvanle krafti tanngard, mest so en slags stillehavslaks han hadde sett i bladet «Villmarksliv». Alle va dei kraftige so vedakubba. Bjønnen tenkte på trøllj og urfisk frå tidene sin mørgå, sjøl om han gøtt visste at dinnje fiskjen, teliks med dei hine,  måtte ha blitt frakta te fjells ta driftige fjellfiskara, ein gong i tida. Likevel var huttiheitstemninga etablert, og varte. Nattevinden si lette rusking i teltduken, og et par plask i det mørke vatnet utafør, heldt stemninga vedlike gjønå mørke tima. Men med mørgåsola neste dag førsvann både trøllkredene, og alt gøtt fiskever. Bjønnen måtte berre traske se heimatt. Hutttiheita hadde tydelevis flytt på seg.

 

Skødde i høgda

Kanskje reiste Huttiheita mot nord den natta, og hamna i fjella mylljå Muldalen og  Reindalssetra? I alle fall vart ho funne att der, på en fjelltur, månge år seinare. Turen gjekk fysst Muldalsråsa, opp te den fråflytte fjellgarden Muldal, so i se sjøl e den argaste huttiheit dei fleste kan førestille se. Der han vagla se, på stupet i enden ta dalen, få meter frå den styggville og svimlande Muldalsføssen, e det vanskele å sjå før seg gard med tulnare og meir huttiheitete plassering. Fleire hutteheiter finst nøkk likevel i mångfald innette Muldalen, so kan fylgjast heilt over te Vakkerstøyla, noraust i Tafjordfjellå. Men bjønnen sin tur tek av mot søraust frå Tafjordsætra, og fyl Raudnukdalen opp i høgda. Med full utrustning før fleire daga te fjells, vart det tonge trakk oppette bakkane førbi olivinrøbben so vert kalla Raudnuken. Her oppe e det lite trengsel. Ettekvart vart råsa so otydle at ho førsvann. Slikt e øftast indikasjona på at du e på veg mot huttiheit. Likevel fanst det varda og raude T-ar so viste lettaste rute. Det vart særle nyttig i det kronglete terrenge på sjølve platået ovafør Raudnykdalsvatnet, der bjønnen stavra seg av garde i urd og grus og snøbreda i 1100 meters høgd. Då trudde han at det argaste va ondagjort. Men skøddå seig gradvis på, og han viste se tonggått, bakkjen nedatt i Djupdalen. So fylgde endå 200 høgdemeter, oppover, te Skjervløypsvatnet, 1235 meter over Tafjorden.  Gjeng du med storsekk med utstyr før sjølberga overnatting, begynde du å bli bra sleten i krøppen der, ette 1300 høgdemeter motbakke. Ettemiddagsljøse antyda dessutn, gjønå det flyktie grå, at det meste ta dagjen va ondagjort. Det passa derfør gøtt før bjønnen å ta se ei lita pause. Og midt i alt ditte skøddeskyme, medå døtta ta skye kom og gjekk, attme den blystille tjønna i steinøydet, va det at kjenslå ta Huttiheita på ny kom over bjønnen. Her var det høgt og fritt, og likevel innepakka ta ei slags minimalistisk enkelheit. Det seig på ei slags tilhøyrsle til dinne ovande, men likevel onderle kjende fjellverda, med sin særeigne, monotone estetikk. Her kunne han ha slått opp teltet, og fått all den fred og einsemd han trong, når og hvis han trong det. Av å te treng øss kanskje det, tenkte han. Å sløkkje øss sjøl, og deme før alt kave som krev tanke. I slike stonde kan det vere lurt å kunne leite opp di eiga, nære eller fjerne huttiheit. Vite at ho mest av alt finst der, inni deg. Det e kanskje det so e hemmeleheita?