Få personar engasjerer seg like mykje for bygdelivet på indre Sunnmøre som Merete Løvoll Rønneberg. Eidsdalingen er formidlingsleiar for Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, og har forfatta to bøker: barneboka om Gaute Gneis, og turboka Opptur Geirangerfjord. I sistnemnde skildrar Merete 93 ulike turar i området rundt Geiranger, og det er difor inga overrasking kvar ho er i verda då PS ringer. 

Tekst: Ole Kristian Årdal. Foto: Martin Andrè Kristoffersen

– Hallo?

Hei, Merete. Ole Kristian frå PS som ringer. Passar det å ta ein prat?

– Ja, no er eg på fjelltur aleine, så det går bra.

– Åja, kvar går du no?

– Eg gjekk frå Eide, og opp til Svartevatnet, så kom eg akkurat opp på platået sør for Vardeegga. No skal eg runde Oaldsvatnet, og vidare opp på Tretindanibba.

– Ikkje verst!

– Nei, dette er første dagen eg har fri på lang tid. Då er det ikkje så forbaska nøye kvar eg går, berre eg kjem meg ut.

– Kva har du vore opptatt med i det siste?

– Vi hadde konfirmasjon for yngste mann i går, helga før arrangerte vi «tausafest» i Eidsdalen. Så har det også vore ein del reising med jobben i Verdsarvstiftinga.

– Du verkar å vere over gjennomsnittet opptatt av lokalmiljøet. Kvar kjem dette engasjementet frå?

– Eg har hatt eit stort engasjement heilt frå eg var ungdom. Eg var med og starta barneforeining då eg var 10-12 år gammal, og har seinare engasjert meg politisk. Eg har vore langrenn- og fotballtrenar, og midt opp i alt dette har eg vore, og er, eit naturmenneske. Eg likar å gå turar for meg sjølv, og finne nye ruter og plassar kor folk ikkje går så mykje. Der hentar eg energien frå.

– Var det slik boka «Opptur Geirangerfjord» vart til?

– Ja, ho skreiv eg på fritida, på oppdrag frå Verdsarvstiftinga. Det var kjekt å kunne formidle eit område eg sjølv er veldig glad i. Då eg fekk jobben som formidlingsleiar, brann eg for at lokalsamfunnet måtte få vere med på å bestemme korleis området skulle utviklast.

Frykta du at større aktørar skulle kome inn og ta over?

– Eg veit ikkje om eg vil bruke ordet «frykta», men det var i alle fall noko eg var veldig bevisst på. Verdsarvstatusen var jo noko som kom ovanfrå, og det er klart mange ønskjer å utnytte dette kommersielt. Det er viktig at folket som bur her får eigarskapen til verdsarven, og at dei får vere med og styre utviklinga. Det er både generasjonane før oss og vi som har vore med å byggje opp det lokalsamfunnet og kulturlandskapet vi har her i dag. Dette er òg ein del av verdsarven, sjølv om naturen er hovudgrunnlaget i statusen.

– Har de opplevd negative opplevingar med kommersielle aktørar?

– Oss ser jo at mange ønskjer å vere med på å påverke korleis området skal utviklast. Det kan vere både godt og gale. Dei ser ting som oss lokale blir litt for nærsynt på. Men det må ikkje bli tatt ut av hendene til folk som bur her.

– Dei aller fleste turistane i Geiranger skal berre til Flydalsjuvet og Ørnesvingane. Var målet med boka å spreie turistane til fleire område?

– …..

– Hallo, er du der?

(Samtalen er broten. Merete har mista dekninga på telefonen, og det går ikkje an å ringe tilbake. Eg prøver igjen ti minutt seinare.)

– Hei, det vart dårleg dekning. Men no trur eg det skal vere bra resten av turen.

– Det går fint. Det siste eg spurde deg om var om du hadde som mål med boka di å få turistane til å utforske fleire plassar i verdsarvområdet?

– Ja, eg skreiv ho for å formidle naturverdiane betre. Særskilt Geiranger var ikkje kjent som eit turområde. Bygda var fyrst og fremst kjent som ei «turistgryte» med nokre naturattraksjonar som ligg veldig tett på veg. I tillegg kjem sjølvsagt Geirangerfjorden. Men området har også nokre fantastiske naturperler!

– Opplever de ei auka interesse for større naturopplevingar i Geiranger?

– Ja, stadig fleire vil oppleve meir av det urørte. Det gjer at vi også blir meir medvitne om kva vi legg til rette for dei store massane.

Kva slags aktivitetar legg de i Verdsarvstiftinga til rette for?

– Når det gjeld meir omfattande tilrettelegging, har vi til no vore mest opptatt av dei sentrumsnære turane, som til dømes fossevandring, og turen opp til Storseterfossen. Den vanlege turisten i Geiranger er ikkje supersprek, og for mange er fossevandringa ei stor naturoppleving. Men Verdsarvstiftinga har òg stått i spissen for eit omfattande arbeid med rydding, merking og skilting av mange turruter i bygdene i Norddal og Stranda. Her har òg den frivillige innsatsen vore enorm.

– Du er ikkje redd for at dei urørte områda skal forsvinne om turistane begynner å spreie seg for mykje ut?

– Eg trur det er nødvendig at folk får oppleve naturen sjølve, at dei får kjenne på roa og stilla og sjå det fantastiske landskapet. Skal vi greie å ta vare på desse verdiane i framtida, så er det viktig at folk får eigarskap, og moglegheit til å bidra på sine måtar. Men då må dei først bry seg.  Gjer dei det, er det òg lettare å gjere ein innsats. Det blir litt som med slagordet til Gaute Gneis: «Alle klarer noko, men ingen klarer alt aleine.»

– Korleis kom du på barnebokideen om Gaute Gneis og den geologiske historia til verdsarvområdet?

– Ideen kom på ein fjelltur. Eg begynte å tenkje på om bergartane, minerala, elvane og breane kunne fortelje si eiga historie. Så kom ideane enda meir på plass etterkvart. Då eg begynte å skrive, var eg opptatt av å ikkje tre ting nedover hovud……

(Samtalen blir broten igjen. Dekninga er ikkje alltid den beste i indre fjordstrøk. Eg ringer opp igjen ein gong til.)

– No kan det hende vi får litt betre dekning. Eg har begynt å gå nedover Oaldsegga no, tilbake til Eidsdalen.

– Oi, har du vore på toppen av Tretindanibba allereie?

– Nei, det blir litt knapt med tid i dag. Eg må vere i Geiranger til kl 17:00.

– Ok, skjønar. Det siste eg høyrde var at du ikkje ville tre ting nedover hovudet?

– Ja, ungane må få delta sjølve, og utvikle ting. Før boka om Gaute Gneis kom ut var eg ute på skulane og fortalde delar av historia, så fekk eg barna til å teikne  karakterane eller forme dei i leire. Sjølvaste Gaute Gneis vart teikna av ein gut i femte klasse på Eidsdal skule. Han budde rett nedanfor fjella Skorene, og henta inspirasjonen frå dei. Då grafiske designarar skulle utforme boka gav eg dei klar beskjed om at arbeidet frå ungane ikkje skulle leggjast i ei skuff.

Så designarane brukte bilda frå ungane?

– Ja, og det vart veldig sterkt då ungane kom og sa: «Denne er min, denne har eg laga.» Så gjekk dei heim og fortalde foreldra sine om kvarts, gneis og olivin.

– Veldig kult å høy..

– Oioioioi!!

– Oi, kva skjedde? Går det bra?

– Her var det glatt. No var det like før eg sklei på ræva ned ei snørenne.

– Litt av ei dramatisk ferd. Du må vere forsiktig.

– Ja.

– Korleis tenkjer du verdsarvområdet kjem til å sjå ut for framtidige generasjonar?

– Ein gong til, kva sa du no?

– Eg lurer på kva du tenkjer om… Hallo?

(Samtalen vart broten igjen. Eg ringer opp igjen ein siste gong.)

– Hallo?

– Hallo, det er litt av ein tur du får bli med på.

– Absolutt. Det siste eg spurde deg om var om korleis du trur verdsarvområdet kjem til å sjå ut for framtidige generasjonar? 

– For det første håpar eg vi klarer å ta vare på dei natur- og kulturverdiane som er her. For det andre håpar eg at dette ikkje blir eit kunstig utstillingsvindauge. Det ser du turistplassar fort kan bli. At dei berre skapar ein falsk identitet, ei kulisse. Eg ønskjer verkeleg at dette området skal vere eit levande lokalsamfunn, der folk får leve liva sine og ting får vere ekte. Folk må trivast, og kjenne at dette er ein god plass å bu.

– Det høyres ut som ein gode plan. Takk for praten, Merete.

– Takk for praten, og takk for turen.