Ta trappene til topps og få kanskje Hjørundfjordens beste utsikt. La deg ikkje lure av at den 1073 meter høge toppen er ein av dei lågaste toppane i området. Plasseringa gjer at utsikta til fjord og fjell er spektakulær, der den ligg over fjordkrysset i hjartet av Hjørundfjorden.

Tekst og foto: Håvard Myklebust

Vi tek ei sein ferje frå Sæbø denne varme ettermiddagen ein gong i byrjinga av august. Ein typisk sjøbris strøymde mot oss der vi stod fremst og kika over ferjelemmen på det som kanskje må vere ei av Noregs flottaste ferjestrekningar. Toppen av Saksa var allereie synleg for oss i det vi rulla over Bondalseidet på veg ned den om lag ei mil lange og rettstrekka Bondalen. Toppen ligg som ei skakk klippe midt imot oss på den andre sida av Hjørundfjorden, med dei tre kjente småtoppane som utgjer toppartiet. No var han like over oss, i det ferja nærma seg Leknes ferjekai.

Det var ei stund sidan sist eg hadde vore på Saksa. Det var før den nyetablerte Saksa-råsa var laga, og toppen var mykje mindre kjent – pussig nok med sitt rykte for god utsikt. Den gong blei ruta frå Leknes valt, då på ein attgrodd og sidebratt sti som mest berre dei lokale geitene brukte som beite. I nyare tid har lokale krefter sett tankar i sving, og etter litt kronerulling, skiping av Saksa Turistforeining og lokal dugnad, blei det satt i gang arbeid med å lage turveg til Saksa og utbetre den litt utrivelege ura som er der. Arbeidet tok til i slutten av juli 2015 og til utbetringa av steinura vart det leigd inn fire sherpaar frå Nepal med erfaring frå slikt arbeid andre stadar, mellom anna på Skåla i Loen. 12. september vart turvegen opna med fleire hundre ivrige frammøtte. Sidan har det vore over 2000 personar på Saksa i følge Saksa Turistforeining.

I lokalavvisa kunne ein lese at Sherpaane nyleg hadde starta arbeidet med trappetrinna i ura då vi tok turen, og var spente på korleis stien hadde vorte. Vi kjørte den korte strekninga frå Leknes til Brua-parken og parkerte ved den kulinariske lokalbutikken Urke Landhandel. Vis omsyn når du parkerer, på dei mest folksame dagane kan det vere trongt om plassen. Vi følgde så nyoppført skilting opp grusvegen før det bar laust på den bratte furuskogen opp til Leknesdalen. Berre tre kilometer på dei vel tusen høgdemeterane gjer seg til kjenne allereie her. Den gamle stien bar allereie preg av jamt tråkk frå kikkelystne den siste tida, der han svinga seg oppover den flotte furulia. Høgdemeterane gjekk unna før det slakka av på kanten av Leknesdalen. Eit lite vindpust møtte oss her til ei forandring av den dampande lia vi nett hadde forsert. Den nemnde gapahuken var enno ikkje påbyrja, men han ligg i dag like aust for stien på kanten – umogleg å ikkje få auge på. Turen hit er overkommeleg for dei fleste, og om ein ønsker eit alternativ til dei resterande 700 høgdemeterane til Saksa, kan Leknesnakken 529 moh vere ein fin og kort avstikkar.

Vi kryssa det litt våte myrområdet og fortsatte oppover Leknesdalen mellom krokete fjellbjørk. Utsikta blei betre og betre for kvart steg, der meir og meir av fjorden blir synleg rundt Leknesnakken som skuggar for den. Ved foten av sjølve toppbakken tok vi ein pust medan vi kikka oppover den dryge sida på vel 500 høgdemeter som stod att. Det kan sjå kort ut, men allereie etter kort tid byrja den bratte sida å røyne på. Heldigvis er det ikkje lange stykket før ein kjem til det første steinpartiet. Her steig vi inn på reine kyrkjetrappa, der steinheller på fleire titals kilo var tilrettelagt og ordna på utruleg vis. Det som tidlegare hadde vore ei uryddig og traurig ur med runde og lause steinar, var no omgjort til ei om lag meterbrei steintrapp som låg stabilt og godt. Vi byrja mest å springe oppover dei lette trinna der dei svinga seg oppover steinura. Like forbausa og imponert blei vi rundt kvar ein sving der eine steinen større enn den andre var flytta på og lagt på plass for å passe inn – og det berre med handmakt. Det utrulege handverket varte og rakk før vi omsider kom over eit par drikkeflasker og nokre signalfarga jakker i ura. Like over heldt dei fire karane til å lirke på plass ei solid helle i den steikande sola. Vi helste høfleg på dei og skrytte av arbeidet dei hadde lagt ned, noko som vart motteke med store smil frå sherpaane,  før vi trakka oss vidare oppover etter den sporadiske merkinga som var der frå før. Det gjekk no over frå å vere tilnærma ein raud løpar til ulendt og laus steinur dei siste meterane opp til under toppen. Her runda vi Sørtoppen (hovedtoppen) på vestsida og følgde lyngbakken til topps. Utsikta som openberra seg var eit 180-graders fjordpanorama med mellom anna Øye og Norangsfjorden i aust og Sæbø og Bondalen i vest. Kjente tindar som Slogen, Skruven, Jakta og Skårasalen, ligg med sine beste sider til og lokkar fram turlysta i deg. Få stadar har du så mykje utsyn til Hjørundfjorden som frå Saksa. Skal du til Sunnmøre for ein snarvisitt, så gå trappene til topps på Saksa og få utsyn over ein av verdas vakraste fjordar.

Foto: Håvard Myklebust

Fakta om Saksa 1073 moh

Fottursesong: Juni-oktober.

Lengde: 3 km frå Urke Landhandel, 3,5 km frå Leknes ferjekai

Høgdemeter: 1050 m

Vanskegrad: Middels vanskeleg

Tidsbruk: 3-4 timar

Tilkomst: Frå Ørsta og omegn: Ta ferje utan bil til Leknes eller ta med bilen til Urke. Frå Stranda eller Stryn: Køyr gjennom Norangsdalen til Øye og vidare til Urke.

Ruteskildring:

Mange, både lokale og tilreisande, kan synast oppstigninga til storebror Slogen er tung og krevjande. Då kan denne eksotiske toppen vere eit godt og meir familievennleg alternativ – med like spektakulært resultat. I tillegg er det mange timar sol i den sørvendte sida, som ofte er bar i juni når dei fleste andre toppane i området har større parti med snø.

Frå Brua-parken forbi Urke Landhandel følger du retningsskilta «Saksa» og tek av frå hovudvegen opp ein grusveg. Eit nytt retningsskilt viser til stien opp den furukledde, bratte lia. Så set du bilen att på Sæbø og startar å gå frå Lekneset, forbi garden og følger ein traktorveg oppover. Ein litt steinete og sidebratt sti fører oppover til Leknesdalen. På kanten av Leknesdalen passerer du den nyleg oppkomne gapahuken «Bentebu», reist av Saksa Turistforeining – ei prosjektgruppe som har stått for utarbeidinga av turvegen. Her er det sjølvsagt å ta ein idyllisk rast med god utsikt over Urke i retning Øye og Slogen. I den lisje Leknesdalen følger du stien vidare over eit myrlendt område der ein kan vitje eit gammalt bjørnehi frå slutten av 1800-talet. Du passerer eit skilt der stigninga mot toppen av Saksa startar. Kjem ein opp frå Lekneset møtast dei to stiane her, etter å ha passert restane av eit sel med mur i olivinstein. Stien går så vidare opp i flott og open bjørkeskog, med stadig meir utsikt mot fjorden. Deretter brattnar det til før ein kjem inn på den nylagde stien av trappelagde steinheller.

Dei trappelagde steinhellene er eit kunstverk. Frå ura startar halvveges nede i den siste fjellsida opp mot Saksa, og til ura sluttar, berre nokre få hundre meter frå toppen, er stein og heller lagt slik at det er som å gå i ei fin trapp. Det er stabilt og stødig, og det er slik at ein må stoppe av og til, ikkje berre fordi fleire hundre høgdemeter frå Urke røyner på, men berre fordi ein må sjå og nyte både trappa og utsikta.

PS. Vil du til den nordlege og høgste toppen, går ein ned i eit smalt skar mellom Sørtoppen og Midttoppen. Det kan for nokre verke litt krevjande med eit parti med kort klyving. Utsikta er uansett best frå Sørtoppen. Har du god tid og ønsker å forlenge turen, er det absolutt å anbefale å gå vidare nordover ryggen over det sjeldan vitja Breidfonnhornet, før det smalnar av ei egg oppover mot Ellsandtindane 1398 moh. Eit tau kan vere kjekt å ha med her til den smalaste passasjen. Du går vidare ned i Nordkopskaret og følger Urkedalen attende til Urke – ein utsøkt, men lang rundtur høgt over fjorden. DS