– Eg har hatt ideen om desse hyttene i mange år. Det er ikkje alle som treng ei stor hytte. Ei lita energieffektiv hytte med god planløysing burde halde for mange par eller mindre familiar. Særskilt dei som liker å vere mykje ute, og som ikkje ønskjer ei svær hytte med mykje vedlikehald. Utvendig kledning og tak kjem med 50 års råtegaranti, seier Frode Mork i Stranda Fjellgrend.

Hyttene er teikna av det italienske arkitektkontoret «Giordano Hadamik Architects», og vert bygde innomhus på Svemorka. Langlo leverer innreiing, kjøkken, senger, skap, benkar og hyller. Stranda Stålindustri leverer ståldelar og beslag. Når hyttene er ferdige, vert dei køyrt opp på fjellet med lastebil og løfta på plass med kran.

– Eg synest dei gjorde ein god jobb med utforminga av hyttene, både utvendig og innvendig. No teiknar dei eit gjesteromtilbygg som kan setjast opp på sida av hyttene, for dei som skulle ønskje å ha eit ekstra gjesterom tilgjengeleg, seier Mork.

Det litle hyttekonseptet har vist seg å ha stort potensiale, fire hytter er allereie selde. Ei hytte står klar og er overtatt av kjøpar, medan dei tre andre vert sett opp ila våren 2018. I tillegg finst det planar om å setje opp fleire minihytter ovanfor desse.