1. Skikøyring er sosialt. Delt glede er dobbel glede. Ingenting er så kjekt som ein god pudderdag saman med skikompisar. Det er viktig for oss menneske å kjenne at vi er ein del av eit fellesskap. Kvar gong ein renn på ski tek ein del i fellesskapet saman med alle andre som er ute på ski.
  2. Skikøyrarar er i betre humør enn andre. Dei gode opplevingane på ski tek ein med seg inn i kvardagen. Gleda og godkjensla flyt over, som ein foss om våren, til andre delar av livet. Det har også vist seg at skikøyring er godt for ein person si fysiske og mentale helse, sjølv om ein berre renn på ski av og til.
  3. Skikøyring gir fantastiske naturopplevingar. For å renne på ski må ein vere ute (med mindre ein bur på ein snøforlaten plass kor ein må ty til innandørs skiarena), og når ein er ute, får kropp og sinn heilt andre inntrykk enn i sofaen. Fjell, snø, frisk luft og sol er ein strålande kombinasjon. Apropos solstrålar, skikøyring gir bra tilskot av vitamin D.
  4. Skikøyrarar søv betre. Etter ein action-fylt dag med skileik på Fjellet har kroppen behov for kvile. Ein søv betre enn kva ein gjer om ein har stirra på ein skjerm heile dagen. Undersøkingar har vist at ei god natts søvn er positivt for humør og forbetrar hukommelsen og evna til å lære. Vi foreslår derfor fleire skidagar i skulen.
  5. Skikøyring gir betre matvanar. Om du har planlagt ein skidag, hoppar du ikkje over frukosten. Og som vi alle veit, frukosten er dagens viktigaste måltid. Etter nokre timar i bakken vil du i tillegg kjenne behovet for ein god og næringsrik lunsj, og det same med middag, når du er ferdig å renne. Skikøyring hjelper oss med å få rutinar på måltida og ete til faste tidspunkt.
  6. Skikøyring styrkar muskulaturen. Ein brukar heile kroppen når ein renn på ski, spesielt beina. Lårmuskulaturen, og ikkje minst setemuskulaturen, får verkeleg køyrt seg i løpet av ein dag i bakken. Om du vil jobbe på sommarkroppen 2017, er skikøyring svaret. Legg grunnlaget for strandlivet på Stranda i vinter.
  7. Skikøyring er bra for kondisjonen. Topptur må jo være verdas morosamaste form for fjelltur. Her får ein kondisjonstrening på veg opp, og skileik på veg ned. Men heisbasert skikøyring er også bra for kondisjonen. Berre sjå på kor mange som pustar og pesar medan dei ber skia på veg til heisen.
  8. Skikøyring er bra for hukommelsen og kognitiv tenking. Skikøyring kombinerer aerobisk aktivitet og muskeltrening. Noko som amerikanske Centers for Disease Control hevdar bidreg til at ein lærer betre, tenkjer klårare og tek betre slutningar. Ekspertar meiner at regelmessig skikøyring kan forhindre kognitiv nedsetting og aldersrelatert hukommelsestap.
  9. Skikøyring er bra for balansen. Når ein renn på ski, jobbar ein konstant for å oppretthalde balansen, for ein vil jo ikkje ramle. Dette held kjernemuskulaturen i trening heile dagen, men ein merker det ikkje fordi det er så morosamt. I tillegg er det også bra trening for støttemuskulaturen. Dette kan førebygge utbrette vinterskadar som inntreff når du sklir på glatte fortau og trapper. Vi har ikkje rekna på kor mykje denne typen skadar kostar samfunnet i løpet av ein vinter, men vi mistenkjer at det er store summar å spare på at fleire nordmenn trener balansen på ski.
  10. Skikøyring har 80-talsdagen. Ein kvar skidestinasjon med respekt for seg sjølv arrangerer ein 80-talsdag i løpet av vinteren, og ein kvar skikøyrar med eit snev av respekt for skihistoria deltek heilhjarta på ein slik dag. I kor mange andre idrettar kan du ta fram dei finaste kleda du finn frå 80-talet, høyre på fantastisk 80-talsmusikk og berre ta ein tur tilbake til fortida? Fotball? Handball? Sykling? Nettopp, ingen andre.