Om du styrer skia nedover mot høgre frå toppen av Eggatrekket, vil du møte på hundrevis av høgdemeter med nydeleg lettkøyrt bjørkeskog. Men pass på! Køyrer du langt nok risikerer du å plutseleg møte på ein bråte med langlugga skotsk høglandsfe. 

Tekst: Ole Kristian Årdal Foto: Martin Andrè Kristoffersen

Med mindre du er uheldig og køyrer rett inn i horna til ein av dei 800 kg tunge oksane, så går det nok bra. Både bonden og dyra er godt vande med skikøyrarar.

Fleire og fleire ski- og snøbrettkøyrarar oppdagar ruta frå Egga ned til Tore-garden på Engeset, spesielt etter at Ingers Transport begynte å køyre «shuttle» mellom garden og Strandafjellet.

Tunet ligg 250 meter over havet, og garden er difor nesten som ein fjellgard å rekne. Dette er siste stopp på vegen mot Habostaddalen og Slogen i andre enden.

Canadiske løyndomar

Råger Engeset returnerte til Stranda for å ta over familiegarden i år 2000, etter 15 år som lakseforedlar på vestkysten av Canada.

På den andre sida av dammen hadde han plukka med seg fleire løyndomar frå det canadiske urfolket, og han var spent på å teste ut dei same oppskriftene i Noreg.

Råger Engeset

– Foreldra mine dreiv med både gris og sau på garden, men eg såg ikkje at det kunne vere noko levebrød. Difor begynte eg med Slogen Mat, seier Råger.

Ved sidan av vanleg gardsdrift har Råger og kona Astrid brukt dei siste ti åra til å bygge opp gardskjøkkenet Slogen Mat. Her foredlar dei kjøt frå eigen gard og fisk frå Storfjorden. Med andre ord: svært kortreist mat.

Laksejerky

– Det vi sel mest er varmrøykt laks og kokemør, sistnemnde sel vi veldig mykje av no når det nærmar seg jul. Alle som kjøper pinnekjøt må jo også ha nokre mørar, seier Råger.

Rågers .sagnomsuste rykelaks

Andre produkt frå kjøkkenet er for å nemne nokre: einerøykt laks, langtidsmodna fenalår, pinnekjøt, spekemør, lammerull, biffkarbonadar og langtidsmørna kjøt frå dei skotske høglandsfea. No er han i ferd med å utvikle to nye produkt der i alle fall eitt av dei nok er ukjent for dei fleste nordmenn.

– Det eine produktet er ein laksejerky. Mange har nok smakt beef jerky, men dette er altså laksevarianten. Eg fekk ideen av indianarane då eg budde i Canada. For å lage laksejerky må eg ha ein veldig mager laks som eg saltar i lake og røyker lett.

Det andre produktet som snart kjem i produksjon, er ein salat med varmrøykt laks som underteikna sjølv har fått gleda av å smake, og som utan tvil kjem til å sjarmere sjølv den mest kresne smakslauk i senk.

Fenalåra heng tett i tett og berre ventar på svoltne magar.

Gardsbutikk

Om du vel nedkøyringa frå Egga til Engeset, må du av og til belage deg på litt ventetid før Ingers Transport kjem og hentar deg. Det tek jo trass alt eit lite kvarter å køyre frå fjellet ned til garden.

Om det i tillegg er kaldt, og du er svolten etter den lange nedkøyringa, så har Slogen Mat heldigvis butikk på garden. Han er dessverre ikkje open kvar dag, men tidene blir lagt ut fortløpande på Facebook-sidene deira.

Er du ekstra svolten, eller berre veldig gira på laksejerky, så kan du alltids ta deg ein leiterunde etter bonden. Han er sjeldan langt unna.

Det er fint å vere okse på engeset.