Hoooooooi! Det er berre så vidt eg skimtar den oransje lua der ho vert omfamna av millionar av snøkrystallar og forsvinn i ei kvit bølge som kjem rullande nedover bratthenget mot oss, før den igjen dukkar opp og vi ser smilet til ei superglad svensk frikøyrarlegende som er på Sunnmørsbesøk.

Tekst og foto: Martin Andrè Kristoffersen

Brøytekantane i Norangsdalen ber preg av at det har snøa godt dei seinaste dagane. Langsmed vegen er tretten glade og spente frikøyrarar i gang med å legge feller på skia sine. Forventningsfulle blikk speidar opp mot fjella, latteren sit laust, stemninga er god og håpet om djupe puddersvingar er til å ta og føle på. 700 meter ovanfor oss kjem små skred fallande nedover den så og seie loddrette fjellveggen frå Bjørnstigfjellet, som eit litt meir alvorleg teikn på at det har snøa mykje dei siste dagane. Skredfaren er så absolutt til stades.

Medan dei første i turfølgjet startar å bykse seg opp og over dei høge brøytekantane, kjem ein «rent a wreck»-bil køyrande og stoppar opp medan vindauget rullar ned. Inni bilen sit to middelaldrande menn. Dei kikar rundt på dei siste i turfølgjet som er på veg over brøytekanten. Blikka deira vandrar vidare opp mot fjellsida som dei har forstått at vi siktar oss inn på. Dei spør underteikna om det er skredsikkert opp denne sida. Som svar får dei eit tips om å fortsette nokre kilometer framover til Fiveldstadhaugen og Blæja. Sjølv om det er masse snø tilgjengeleg her, treng vi ikkje å dele på den om vi ikkje må.

På andre sida av brøytekantane, i ei opning ute på den snødekte myra rett før bjørkeskogen tetnar til og lagar eit gjerde med små smotthol inn i ei eventyrleg pudderverd, har guiden Jonatan Sandström gjort seg klar for ein kameratsjekk. Det gjeld å vere sikker på at alle har skredsøkarar som fungerer slik dei skal. Ein etter ein går deltakarane forbi Joakim. Biip – biip – biip, høyrest med jamne mellomrom. Etter kvart som deltakarane har passert Joakim, går dei inn i eit av smotthola som sjefen sjølv, Oscar Almgren, har vist veg gjennom, der han går fremst og sporar opp vel 40 cm laussnø.

Ocsar Almgren ser seg attende og venter på at alle er klare til å ta fatt på turen inn i frikøyringsdraumen.

Det er hardt arbeid å vere guide på slike dagar som i dag. Ein etter ein finn vi andre oss ein plass i rekka bak Oscar. Dei ivrigaste går sjølvsagt lengst framme, slik dei tilsynelatande alltid gjer. Nesten heilt bakarst finn den svenske frikøyringslegenda, Sverre Liliequist, seg rutinert til rette og nyt «jernbanelinja» som har blitt trakka til av dei framføre han. Ein treng jo ikkje bruke meir energi enn nødvendig på veg opp.

Dette er tredje campen Uteguiden arrangerer saman med den svenske frikøyringsduoen Sverre Liliequist og Kaj Zakrisson. I tillegg til herleg frikøyring på Strandafjellet, og denne toppturen med «køyrefokus», får deltakarane coaching frå Sverre på frikøyringsteknikk, og lære av hans erfaringar gjennom ein innhaldsrik skikarriere som starta med siger i det skandinaviske meisterskapet i frikøyring i Riksgrânsen for 20 år sidan. Den trivelige trebarnsfaren har høg status i skimiljøet i Skandinavia. Han har figurert i tallause skifilmar og vunne mange frikøyringskonkurransar. For mange i dagens Youtube-generasjon er han kanskje best kjend som han som drog ein backflip medan han køyrde frå skredet i Swatch Skiers Cup i Zermatt i 2013.

Det er ikkje kvar dag ein går på topptur med skikøyrarar av Sverres kaliber, og eg har funne min plass i toget rett bak han og spør han kva som gjer at han held det gåande år etter år på eit slikt høgt nivå?

– Altså, å stå på ski er alltid kult! Fridom, mosjon, herleg natur, kven takkar nei til det!?

Eg seier meg einig. Mengda med snø som ligg på trea og dei lette snøfjona som vert kasta opp i lufta for kvart steg eg tek, tyder på at dette blir ein dag for å ha det kult. Medan det fargesprakande frikøyringstoget snirklar seg gjennom bjørkeskogen, blir snøen berre betre og betre. Men ein blir jo ikkje betre til å stå på ski av å gå på topptur, visstnok blir kondisjonen betre av dette, men ein blir jo ikkje betre til å renne nedover av å gå oppover. Eg lurar på kva Sverre meiner er viktig for å bli betre på frikøyring?

– Stå mykje på ski i alle slags forhold. Køyr med kompisar som er like bra, eller betre enn deg sjølv, då blir du pusha og då utviklar du deg. Det finst jo ein heil del tips på teknikk. Men det viktigaste er jo å ha det kjekt på ski. Om ein arm flyg opp no og då, betyr ikkje det så mykje.

I følgje Sverre er det alltid kult å stå på ski.

Litt ovanfor skoggrensa kjem vi til eit kritisk parti kor Oscar gir beskjed om at her får vi gå med god avstand mellom kvarandre. Medan vi står og venter på at dei føre oss skal gå over, nyt vi utsikta framover Norangsdalen mot Tryggestad, vidare mot Stadheimsnibba og Kalvdalsegga som tronar høgt over Toskedalen. Medan vi står der og nyt utsikta, spør eg Sverre kva han liker aller best med slike campar som dette?

– Det er nok heilskapen vi får oppleve på ein slik camp, og atmosfæren som oppstår når skikøyrarar med ulikt nivå møtest for å ha det kjekt i lag og inspirere kvarandre. Gleda og det høge energinivået når vi er på fjellet, og dei gode afterskimiddagane kor vi sit og pratar om køyringa vi nettopp opplevde. Kameratskap rett og slett.

Etter kvart blir det også vår tur til å passere det lumske punktet, og når vi alle har kome opp på ein trygg rygg, tek vi ein velfortent pause. Varme jakker kjem på, termosar og drikkeflasker kjem opp av sekkane og matpakker blir opna. Praten går om kor bra nedkøyringa kjem til å bli, og sjølvsagt om alt frå bindingar, til breidda på skia, og at ein kanskje skulle trena meir kondisjon og beinstyrke. Medan vi står der og nyt kalde brødskiver og varm kaffi i triveleg passiar, tek vinden seg opp. Ein kjenner at det skal bli godt å bevege litt på seg og få opp varmen i kroppen igjen. I og med at dette er ein frikøyringscamp og ikkje ein toppturcamp, har Oscar allereie bestemt at vi ikkje skal til topps på Kvitegga i dag. Han gir oss beskjed om at vi berre har om lag ein halvtime igjen å gå oppover. Dunjakkene takast av, termoser og drikkeflasker, som no er litt lettare, og matpakkepapir hamnar i sekkene igjen. Ein etter ein finn vi på nytt plassen vår i toget som er på veg oppover dalen.

Toppturtog på veg opp Snødalen.

Sikta er ikkje lenger den beste, men framføre oss ser vi nokre av klippene på Blåfjellet, og litt lengre opp ser vi, som har vore her oppe før, konturane til bratta på breen som fører vidare oppover mot Kvitegga. Sjølv om den bratta er fantastisk morosam å renne ned, kjennest det heilt ok å stoppe når Oscar gir signal om det. Det hadde ikkje vore noko triveleg der oppe i dag. Medan vi står og gjer oss klare, klarnar det litt opp, og stemninga i gruppa stig ytterlegare nokre hakk. Oscar tek guidesporet slik guidar gjer, i grunn er det vel fortent at han får førstesporet, i og med at han har spora opp for heile gjengen. Men det handlar om tryggleik, han legg ei linje slik at dei andre har ei linje å forholde seg til i den litt dårlege sikta. Eg har allereie køyrt ned og intatt posisjon nedanfor henget for å ta bilete.

Det er no det skjer, Sunnmørsdraumar går i oppfylling. Ein etter ein kjem det jublande glade skikøyrarar susande gjennom herlege skyer av laussnø, snø så lett at den blir hengande i lufta etter dei. Det gjer ingenting at sikta ikkje er den beste, at sola har gøymt seg og at det ikkje er fjordutsikt. Pudder trumfer alt.

Kristoffer Nes Langemyhr i en herleg sving.

Om glede kunne utløyse jordskjelv, så hadde ein garantert kunne spore eit kraftig episenter til Snødalen akkurat no.

Når Oscar spør om nokon er gira på å gå opp ein gong til, er ikkje gjengen vanskeleg å be. Feller kjem på igjen. På ny dampar frikøyrartoget seg opp gjennom Snødalen. Spora vi la igjen på veg opp, har føykt så å seie heilt igjen. Toget vårt liknar i grunn meir på eit diesellokomotiv enn flytoget, der vi dampar oss oppover. Her er det ikkje innført pudderkvoter, mykje vil ha meir.

Når vi kjem tilbake opp att til staden vi tok av oss fellene første gongen, har vêret blitt betre. Vinden har løya og sikta innbyr til råare køyring enn den første nedkøyringa. At alle er gira på eit nytt run med faceshoots, er nok eit stort understatement. Denne gongen skal vi heile vegen ned til minibussane som står og ventar på oss nede på riksvegen. Vi avtaler stader kor vi skal stoppe på veg ned. Oscar køyrer fremst, vi andre slepp oss nedover og ut i lykkelandet med jamne mellomrom, bakarst kjem Jonatan og gjer sitt beste for å spore opp snøen vi andre ikkje har makta.

Sverre oppe å trekk litt luft før han nok ein gong tek turen inn i det herlege hvite rommet.

 

Etter vinterens kanskje herlegaste puddersvingar, leiken køyring i morosame elvefarformasjonar, og slalåmkøyring på Nina Løseth-nivå gjennom bjørkeskogen, står vi der vi starta tidlegare på dagen. Vi high fiver og smiler breiare enn vi gjorde på morgonen. Til og med godt vande guidar som Oscar og Jonatan går rundt og smiler som om dei hadde vunne i lotto. Men den gladaste av oss alle er han som har køyrd mest pudder av oss – ei svensk skilegende som ikkje ser nokon grunn til å takke nei til å renne på ski.

Ein fornøyd gjeng etter ein episk dag på ski.