Anne May Slinning har konkurrert med frikøyringseliten i Alpane gjennom fleire år. No har ho flytta heim til Sunnmøre og trivst sjølvsagt best på Strandafjellet.  

– Strandafjellet har vore den viktigaste skistaden for meg, både for oppveksten og karrieren, seier Anne May.

Tekst: Ole Kristian Årdal. Foto: Håvard Myklebust.

Ålesund-jenta var to år då ho tok sine første svingar på Strandafjellet. Det var også her ho køyrde sine første portar som alpinist for Ålesund skiklubb. Sjølv om ho satsa tungt som portekøyrar, var det likevel alltid noko anna i augekroken som stal merksemda.

– Eg vart jo alltid freista til å køyre utanfor løypene. Det er ei glede eg har hatt med meg heile livet.

Anne May der ho trivst best. Utafor løypa. Foto: Håvard Myklebust.

Etter ungdomsskulen flytta ho til Oppdal for å begynne på skigymnas. Ho ville satse på alpint, men skadar og dårlege resultat gjorde at ho la draumen om å leve av portekøyring på hylla. Det var først nokre år seinare at ho, søstera og ei venninne frå Ålesund fann ut at dei ville prøve seg i Noregscuppen i frikøyring.

Det vesle anlegget med dei mange moglegheitene

– Frå 2009 til 2014 brukte eg vintrane i Chamonix. Eg tok jussen samtidig i Oslo, men på det studiet trong eg heldigvis berre å møte opp ein gong i året, då dei har eksamen fordelt på to dagar etter kvarandre.

(Om Anne May klarte å leve opp til uttrykket «No juss on a powder day» er uvisst, men ho jobbar i alle fall som advokat i Ålesund i dag.)

Den skiglade jusstudenten begynte å markere seg, og vann renn både nasjonalt og internasjonalt. I 2011 vann ho også Noregscuppen i frikøyring. Tre år seinare bestemte ho seg for at det var på tide å vende heim til Sunnmøre. Men det betydde likevel ikkje at ho skulle slutte med favorittaktiviteten sin av den grunn.

– No prøvar eg å vere på Strandafjellet kvar helg om vintrane. Det er klart det er storleiksforskjellar mellom Stranda og Chamonix, men eg kan likevel seie med handa på hjartet at det er ingen stadar folk blir meir imponerte enn på Strandafjellet. Ikkje berre på grunn av fjella, men også fordi det vesle anlegget har så mange moglegheiter. Då blir eg utruleg stolt.

– Har du ei favorittlinje på Stranda? 

– Eg har mange favorittar. Tredjerenna, minigolfen på baksida av Furseten er jo også heilt fantastisk, med små klipper eg kan ha det gøy på. Det har jo Colahaugen også for så vidt, seier Anne May.

Anne May Slinning. Foto: Privat.

Nye frikøyringstider

Anne May meiner frikøyringa har forandra seg mykje på dei ti åra ho sjølv har vore i gamet.

– Då eg begynte, skulle du vere litt meir «gale-matias». Du skulle køyre hardt, stompe høge klipper og det gjorde ikkje så mykje om du stod då du landa. I dag er det meir fokus på ferdigheiter og fjellkunnskap.

Ho merkar også at utstyret gjer at mange kan variere meir enn tidlegare. Medan ein før måtte velje, kan ein meir og meir no faktisk få i både pose og sekk.

– Du treng ikkje enten å vere toppturentusiast eller heisbasert frikøyrar lenger. Fleire og fleire går over til å ha eitt sett med utstyr, i staden for to.

– Meiner du at fleire går over til lettare utstyr?

– Ja, ein treng ikkje lenger å ha alpinbindingar og alpinsko for å ha det bra i bakken. Det går bra å køyre med toppturutstyr. På Strandafjellet deler eg ofte opp dagen. Eg køyrer i heisen før lunsj, så kan eg ta meg ein topptur etter lunsj om det blir oppkøyrt. Eg har difor alltid fellane med i sekken.

Vinteren 2018/19

– Eg ser på Instagram at du allereie har starta sesongen?

–  Ja, eg har vore på Trollstigen og i Valldal foreløpig. No så tidleg på sesongen må eg prøve å finne plassar der eg ikkje må gå så langt med skia på ryggen.

– Kva planar har du vidare for årets sesong?

– Eg gler meg til å gjere det same som eg har gjort dei siste vintrane, og dra på Strandafjellet i helgene. Så har eg også planar om ei veke på Patchelhytta i godt vêr, og huke av alle fjella rundt. Det blir i så fall første gong på mange av dei toppane for min del, seier Anne May.