Kvar vinter er ei ny moglegheit til å uttrykke seg kreativt i snøen med ski på beina. Vi har også blitt merksame på at mange er kreative i val av korleis ein ber skia til og frå heisen. 

Tekst: Martin Andrè Kristoffersen / Illustrasjon: Ross Bodenmann

Nokon gjer det kanskje bevisst for å gi uttrykk for personlegdom, politiske meiningar og tilhøyrsle? For andre av oss er det nok berre tilfeldig korleis ein ber skia. Uansett, her kjem eit lite utval av skibereteknikkar vi har observert på Fjellet. Kjenner du deg igjen i nokre av desse?

 

 

 

 

Skia ligg over skuldra og bak hovudet, armane hengane kvilande over skia. Kanskje prøver du å kommunisere at du eigentlig ikkje er så veldig gira på å stå på ski når du vel å bere skia på denne måten?

 

 

 

 

 

Skia ligg over skuldra, skuldra imellom framdelen og bakdelen av bindinga. Begge hendene blir brukt til å halde skia i balanse, som om ein er klar til å sikte seg inn på neste skiheis. Det kan jo vere at ein forsøker å brife med M72-ferdigheitene frå siste heimevernsøving?

 

 

 

 

Handleddsreima til stavane rundt skia, slik at stavane blir eit kofferthandtak. Ber skia med kofferthandtaket og stress deg gjerne mot heisen slik du vil gjere på veg til jobb ein tidleg morgon. Om du har det veldig travelt, kan du veive litt med kofferten din, slik at du jagar bort dei andre som også er på veg til heisen. Då er du garantert førstespor. Eller så kan du kanskje heller stresse ned, og late som at du ber på ein feriekoffert og berre nyte tilværet, du er jo trass alt på Stranda.

 

 

 

 

Ber skia som ei open saks kvilande med skibasen mot magen og bindingane peikande utover, hald gjerne i bindingane. Dette kan vere ein effektiv måte å trimme bort litt skjegg på om du er så uheldig å snuble på veg til heisen, men du kan også vere uheldig å trimme vekk andre ting enn skjegg. Vi anbefaler ikkje denne metoden for skibering.

 

For mange skikøyrarar kan skia bli deira vesle barn, ikkje ulikt hundeeigarar. Om du kjenner på ein ekstra stor kjærleik for skia dine, er dette ein bra og trygg måte å bere dei på. Men for å vere på den sikraste sida, med tanke på skia sin tryggleik, anbefaler vi beresjal. Då får du skia dine enda nærmare kroppen.

 

 

 

Nokre gongar er det så mykje laussnø på Strandafjellet at ein treng å bruke skia som ei ekstra støtte for å kome trygt fram til billettluka. Om ein i det heile tatt ser billettluka pga. all snøen.

 

 

 

 

Stavane over skuldra, skia kvilande på stavane ved bindinga. Ein effektiv måte å bere skia på om ein vil frigjere ei hand, slik at ein til dømes kan ta ein selfie av seg sjølv med den ledige handa.

 

 

 

Her lar du skia kvile elegant med frambindinga mot baksida av skuldra di. Handa let du kvile på fremre del av skia som eit vektlodd som balanserer skia. Gjer du dette rett, vil du oppleve at det er behageleg å bere skia. Stavane held du i andre handa.