Kjetil Bjørge og Kristina Giske står bak Fjell snowboards – Sunnmøres eige brettmerke. Dei har designa bretta sjølve og opplever ei veksande internasjonal interesse for produkta sine. Fjell snowboards har utsalsstadar i Noreg, Japan, USA, Canada, Nederland, og sjølvsagt eige showroom i Ålesund. Kjetil har nett kome heim til Ålesund frå ein salstur i Tyskland då vi slår av ein prat med han. 

Tekst: Martin Andrè Kristoffersen  Foto: Fjell Snowboards


– Kva var grunnen til at de starta opp eige brettmerke?

– Vi har sjølve gjort mykje storfjellskøyring i Sunnmørsalpane i mange år. Etter kvart oppstod det eit ønske om å lage eigne brett med god funksjonalitet, kvalitet og godt design. I tillegg ville vi lage dei på ein miljøvennleg måte.

– Kva legg de i god funksjonalitet i eit snowboard?

– Høg kvalitet i produksjon, materialar og komponentar. Bretta har ei utforming og eigenskapar som tilfredsstiller høge krav frå bevisste brettkøyrarar.

– Kva vil det seie at de produserer bretta så miljøvennleg som mogleg?

– Kjernen i bretta er av poppeltre som er planta med tanke på slik bruk, stålkantane er laga av resirkulert stål og «top sheeten» er utan giftstoff. I tillegg har vi ein sentrert base som held betre på voksen som igjen gjer at ein ikkje treng å bruke like mykje voks når ein voksar bretta. Vi har også valt å ha ein permanent kolleksjon, det vil seie at vi ikkje skrotar designet på dei ulike bretta kvart år berre for å selje fleire brett. Vi har valt eit tidlaust design som vil sjå bra ut i mange år. Kolleksjonen kjem til å bli utvikla med nye brett når det kjem nyvinningar innan materiale og funksjon som er verdt å bruke.

– I tillegg har de også utvikla og designa ein kledekolleksjon?

– Ja, det stemmer. Vi har ein eigen kledekolleksjon som grunnar på same verdiar som brettkolleksjonen vår gjer. Kleda er laga i Europa og Japan.

– Kvar står de sjølve når de skal stå på brett?

– Vi køyrer i dei fleste lokale skianlegga her i regionen. Det blir også mange splitboardturar i fjella rundt Standal.