I skrivande stund (september 2018) har den første snøen lagt seg på fjelltoppane rundt Volda, og dei første fnugga dalar ned med eit løfte om at den kalde fine tida er på veg. Nokre ivrige få har allereie vore på skitur til Skårasalen og det begynner å krible i beina etter å kunne leike seg i dei snødekte fjella på Sunnmøre igjen. 

Tekst og foto: Kyrre Buxrud

Det er framleis tidleg, og det er ikkje å forvente at snøen som fell no blir liggande, men det gjeld å vere klar når Kong Vinter først melder sin framkomst. Før ein veit ord av det sparkar han inn døra og spreier om seg med tett snødrev og kalde vindar. Det kan også gå føre seg på rolegare vis, som om nokon har opna døra på gløtt og han listar seg forsiktig inn med kalde skritt og stjerneklare netter på slep. Det er mange som gleder seg, og ein kan kjenne korleis skimiljøet i Volda blir stadig meir elektrisk etter kvart som ein begynner å vende tankane mot vinteraktivitetane som er i sikte.

Med Alpepass er moglegheitene for heisbasert frikøyring mange. Sjølv om Strandafjellet er eit av dei skisentera det er lengst å køyre til, er det oftast her valet fell dersom vi er ute etter å ha ein heil dag på ski når forholda er gode. Stemninga i bilen er ofte litt slapp til å begynne med, og ein sit i tausheit og duppar med hovudet eller tar forsiktige slurkar av kaffikoppen, medan Hornindal rasar forbi utanfor vindauget.

I Strandadalen skjer det plutseleg noko i bilen. Stemninga stig, musikken blir skrudd høgare og alle vaknar til liv. Ein strekk rastlaust på beina, kikar opp på den feite «Mordor-renna» og hiv i seg ei siste brødskive. Vel framme på parkeringsplassen sprett alle ut av bilen og utfører ein rask inspeksjon. Korleis ser forholda ut? Kor mange folk er det i bakken? Kva slags heisar er det som går? 

Det er nemleg ikkje berre studentar i Volda som vel å valfarte til Strandafjellet på ein dag med fersk nysnø og blå himmel. Skisenteret har rykte på seg for å vere eit av dei beste i landet for heisbasert frikøyring, og folk reiser langvegsfrå for å nyte det leikne terrenget.

Petter Westgaard med ein butter, Fursetsida av Strandafjellet i bakgrunnen.

Fordelen med å bu på Sunnmøre er den korte responstida ein får dersom eit større snøfall har kome overraskande på vêrdamene, og ein kan vere heldig og nyte dagar i anlegget utan at det er så mange menneske der. Dette er nok dei beste dagane, kor ein ikkje har rukke å få store forventningar, og ein kan boltre seg i det Strandafjellet har å by på utan å fråtse om kapp om nysnøen.

Det er viktig å hugse på at skredfare er reelt sjølv om ein køyrer i eit skisenter. Ein må passe på kvarandre, kontinuerleg diskutere eventuelle farar og ta forholdsreglar. Viss forholda ligg til rette for det, kan ein nyte bratt og formasjonsrikt terreng der berre fantasien set grenser. I veggen på Fursetsida kan ein setje utfor og danse tango med tyngdekrafta i ei harmonisk utveksling av energi med omgjevnadane. Kjensla av å balansere langs den fine linja mellom flyt og fiasko i ein pudderballett ned det bratte henget, er noko som er tiltalande for ein kvar ski- eller brettkøyrar. Veggen kan også vere utilgjeveleg, og det gjeld å møte dei ferdigheitskrava ein slik formasjon stiller. Sjølv har eg køyrt over evne og kryssa den hårfine linja til fiasko, rulla nedover fjellsida og heldigvis slept unna med ei kjensle av å bli jekka ned nokre hakk. Og eg er nok ikkje den einaste.

Det er ikkje alltid at forholda ligg til rette for bratt køyring som i veggen, men det finst heldigvis mykje anna å leike seg med. Å sveve gjennom skogen i fløyelsmjuk laussnø medan ein set ei lita linje med forbipasserande element, er noko av det beste som finst. Ein blir vektlaus og perfekte snøkrystallar blir kvervla opp i ei sky, før ein mjukt blir løfta tilbake til overflata. Fursetsida er perfekt for å forfølgje slike euforiske opplevingar, med sine formasjonsrike skogar som innbyr til herlege puddersvingar og luftakrobatikk. Dei gongane eg stoppar opp og ser tilbake på mitt eige spor, går igjennom den mentale reprisen av det eg akkurat gjorde, og slepp ut eit brøl i begeistring, oppstår når eg har køyrt i skogane på Fursetsida.

På motsett side av dalen finn du den meir fotogene sida av Strandafjellet. Roalden byr på ei nydeleg utsikt over fjord og fjell, og ein har tilgang til klassiske nedfartar som Blådalen og Alperitt-traséen. Dei mest morosame dagane eg har hatt på Roaldsida, er når sesongen går mot slutten, sola varmar godt og ein køyrer frå topp til botn saman med vennegjengen. Såkalla «gønnerønn» kor ein nyttar seg av brøytekantar og naturlege formasjonar til å overgå dei andre i sine svev, og ein leiker seg nedover fjellsidene saman.

Store deler av Roaldsida står framleis att å utforske, sjølv etter to sesongar med mange dagar på Strandafjellet, og eg gleder meg veldig til igjen å få moglegheita til å utforske terrenget rundt favorittskisenteret.

Dei første snøfnugga har allereie falt, og no må vêrgudane berre velsigne oss med nok ein kald og nedbørsrik vinter. Før eg veit ordet av det spenner eg på brettet mitt på toppen av Roalden igjen og har ein heil sesong med gledesfylte dagar på Strandafjellet framfor meg.