Mange trur kanskje at randonee er ein ganske ny konkurranseidrett. Sjølv om idretten ikkje er mykje profilert på TV, betyr ikkje det at han er utan djupe røter. Randonee-konkurransar daterer seg heilt tilbake til 1910-15, den gong som konkurransegrein i små militære kretsar. 

Tekst: Håvard Myklebust 

Militæret brukte konkurransar i randonee først og fremst til å gjere soldatar i stand til å patruljere dei høge fjellpassa raskt og effektivt for å beskytte folket. Desse konkurransane fekk namnet «Militære Patruljeløp» som også vart opphavet til det store klassiske løpet «Patrouilles Des Glaciers» i Sveits.  Etter kvart som desse løpa vart populære og anerkjende for sine krav til kondisjon og ferdigheiter i fjellet, kom øvinga på programmet under Vinter-OL i Chamonix i Frankrike i 1924. Sjølv om randonee berre var på programmet som ei demonstrasjonsøving, fortsette det å vere på OL-programmet i 1924, 1928, 1936 og 1948.

Som ein naturleg konsekvens av at ein såg at dei militære hadde det gøy, og at tilskodarane elska sporten, spreidde den seg etter kvart til dei sivile, med tilhøyrande konkurransar for desse. I 1933 ønska ei gruppe venar å heidre ein fallen kamerat og organiserte difor det i dag så kjente «Trofeo Mezzalama», til minne om Ottorin Mezzalama. I tillegg til dette og «Patrouilles Des Glaciers» er juvelen i krona blant konkurransar i dag «Pierra Menta». Denne starta i 1985 og er forma som ei skikkeleg kraftprøve over fire dagar med til saman om lag 10 000 høgdemeter stigning. Desse tre løpa utgjer dei mest populære og anerkjende konkurransane i randonee.

I tillegg til desse, finst det bokstaveleg talt hundrevis fleire, frå kveldskonkurransar i lokale skiklubbar til større og meir tekniske løp som til dømes «Tour de Rutor» og «Dachstein Extreme». Utover 1990 skaut sporten verkeleg fram med base i små skiklubbar lokalt omkring i Europa som har gitt grunnlag for EM og VM kvart andre år. I tillegg blir det arrangert verdscup gjennom vinteren. Løp fortset å dukke opp overalt, til dømes i Kina, Japan, Sør-Amerika, New Zealand og Nord-Amerika. I Noreg har også talet på konkurransar auka betrakteleg sidan starten i 2005, og ein kan konkurrere i randonee nesten kvar helg gjennom vinteren om ein ønskjer det.

Under VM deltek det no langt over 20 nasjonar, og det blir jobba hardt i ISMF, den internasjonale organisasjonen i randonee, for å igjen få idretten inn i det Olympiske vinterprogrammet.

Kva går randonee ut på?

Randonee som konkurranseform vart innlemma i Norges Skiforbund i 2011, sjølv om det første moderne rennet i Norge vart arrangert i Hemsedal i 2005. I randoneerenn er det alltid fellesstart (utanom sprint), og ein konkurrerer på tid. Løparane brukar lette ski med fellar når dei går opp, så vert desse tekne av på toppen før ein køyrer ned igjen. I dei brattaste områda i løypa er det lagt inn tekniske parti der ein skal ha skia på sekken og springe oppover med stavane. Distanse og stigning er ofte tilpassa herre-, kvinne- og juniorklassene.

For å delta i konkurranse er det krav om at kvar løpar skal ha med eller på seg eit minimum av utstyr. Sekken skal innehalde søkestong, spade, vindtette kle, fløyte og redningsfolie. Skredsøkaren skal vere festa på kroppen til ei kvar tid. Hjelm skal vere på hovudet heile vegen. I dei mest utfordrande løypene kan det også vere krav om både stegjern og klatresele.

Innan randonee er det fem ulike øvingar: sprint, individuell, lagkonkurranse, stafett og vertikal.  Sprinten blir arrangert med prolog og etterfølgande heat. Individuell er den klassiske øvinga der ein har fleire oppstigningar og nedkøyringar. På lagkonkurransen går to og to saman, også her er det fleire oppstigningar og nedkøyringar.

Stafetten har fire etappar for herrar og tre for damer. Den går over ei relativt kort løype der alle elementa er med: fellar av, fellar på og ski på sekk. Øvinga vertikal er motbakkeløp på ski. Her blir det enkelt og greitt konkurrert i å kome seg først til toppen.

Utstyr

Foto: Håvard Myklebust

Ski

Randoneeski med feste til fellar på tuppen. Minimum 60 mm breidde på midten. Minimum 160 cm lange ski for menn, og minimum 150 cm for kvinner. Ein anbefaler at vekta per ski ikkje er over eitt kilo.

Sko

Randoneesko som enkelt kan veksle mellom gåfunksjon og køyrefunksjon. Ein anbefaler at vekta per sko ikkje overskrid eitt kilo. Skoa må ha feste til randoneebinding.

Bindingar

Randoneebindingar med utløysarfunksjon. Ein anbefaler at vekta per binding ikkje er over 500 gram.

Stavar

Valfrie stavar. Ein anbefaler langrennstavar med stor trinse. Stavane skal vere ca. 35 cm lågare enn deg sjølv.

Fellar

Fellar med strekkfeste i front, for hurtig av- og påtaking. Fellane treng ikkje vere like lange som skia, men bør gå ca. 15 cm bak hælen. Merk at ikkje berre skia kan glidast, men også fellane. Gni fellane med glidaren, og varm forsiktig inn. Ver veldig forsiktig slik at fellehåra ikkje smeltar. Glidaren skal ikkje skrapast av. Merk at fellar laga av ville dyr ikkje er tillatne.

Hjelm

Det er påbod med godkjent skihjelm. Ein anbefaler at ein vel ein lett og luftig hjelm. Nokre klatrehjelmar er godkjent til skibruk.

Sekk

Sekk med hurtigfeste til ski. Han skal vere stor nok til å romme klede, spade og søkestong. Ein anbefaler ofte sekkar på rundt 20-30 liter.

Klede

Følgande klede skal du enten ha på deg, eller i sekken: To lag beinklede, derav ei vindtett bukse. Tre lag overkroppsklede, derav ei vindtett jakke. Ein anbefaler at ein går med ull- eller superundertøy, og randodress/skidress utanpå. Ein skal også ha på, eller med, lue og hanskar.

Anna utstyr

Skibriller/solbriller skal vere på, eller i sekken. Redningsfolie, fløyte, spade og søkestong skal ligge i sekken. Skredsøkar skal alltid vere på kroppen.

Merk at arrangøren kan krevje meir utstyr om forholda tilseier det. Dette kan blant anna vere stegjern og klatresele.

I randonee er vekt eit vesentleg moment. Med lett skiutstyr og effektiv pakking kan ein få ei heilt anna oppleving enn den vante søndagsturkjensla, der ein ofte dreg på skiutstyr på opp mot 10 kg. Då er ofte målet å finne botnlaust pudder saman med gode vener, og ein ser kanskje ikkje på klokka i det heile. No ser ein stadig fleire på lett utstyr opp sentrumsnære fjell for ein rask treningstur før kveldskosen inntreff  heimen.

Nokre konkurransar i Noreg vinteren 18/19:

Kårvatn, Todalen

Romsdal Rando, Isfjorden

Stryn Rando 3000, Stryn Vinterski

Rando Enern, Oppdal

Skittentind Rando, Narvik

Rando Highway, Volda