Dette er ikkje ei historie om ein episk pudderdag, ein lang ryggtravers, eller ei førstenedkøyring. Dette er berre ei lita forteljing om to småbarnsfedrar som forsøker å få klemt inn mest mogleg skikøyring utan at det går utover familieliv og arbeid.

Tekst og foto: Martin Andrè Kristoffersen

Torsdagskveld

22.45: Er du framleis gira på tur i morgon tidleg?

22.47: Ja, trur det blir fint. Er jo ikkje dei beste snøforholda akkurat nå, kan kome 10 cm nysnø. Men uansett godt å kome seg ut.

22.48: Yes, det er alltid godt å kome seg ut. Då kjem eg og hentar deg. Kl. 05.30?

22.49: Supert! Sjåast i morgon.

Uansett kva ein skal gjere er det alltid fint å få unna alle førebuingar kvelden i førevegen. Om det så er å pakke og gjere klart alt utstyret poden skal ha med i barnehagen eller på skulen, om ein skal ut og reise eller om ein skal ut på topptur neste morgon. Og det er særs nødvendig om ein skal ut på ein tidleg morgontopptur. Feller klare på skia, støvlar klare i gangen, sekken pakka, kleda lagt fram, frukost og matpakke smurt og klar i kjøleskapet og kaffien ferdig kverna (eigentleg er dette ikkje heilt innanfor, då kaffi helst skal lagast med nykverna bønner, men for slike tidlege morgonutflukter er det lov.) Om ein følger denne sjekklista, er det stor sjanse for ein vellykka og effektiv start på turen. Det minimerer også risikoen for å lage så mykje bråk at ein vekker opp resten av huset.

Fredagsmorgon

05:45:

– Sorry, eg blei litt sein.

– Null stress.

Ski og utstyr blir lempa inn i bilen, og medan avisbodet køyrer ut dei siste morgonavisene, rullar eit sett med piggdekk over kald asfalt forbi Esso, og vidare ut av Stranda med retning Strandadalen.

– Sove godt i natt?

– Ja. Du?

– Ja. Eg sov på gjesterommet slik at eg ikkje skulle lage oppstandelse då eg stod opp.

– Lurt, eg gjorde det same.

– Kaffi?

– Nei takk, eg drakk til frukost.

– Bra, eg har ikkje med ekstra kopp.

Gatelyktene lyser opp gangvegen på Helstad, men det er ingen ute og går. Vi har framleis ikkje møtt på motgåande trafikk, det er nok ingen frå frammi dalen eller Hellesylt som skal rekke 06:15-ferja frå Stranda denne morgonen. Vi parkerer på Emdalsgjerdet. Hovudlyktene blir slått på. Sekkar, ski, og stavar blir tatt ut av bilen. Fellene vart allereie lagt på i går kveld. Det tek ikkje lange tida før kalvane ser to små lys vandrande over bøen og høyrer lyden av skifeller på kald morgonsnø. Vi siktar oss inn på vegen som går opp mot kraftverket i Emdaldsdalen. Her går eit anna skispor langsmed vegen oppover som vi følger.

– Sporet tar til høgre og inn i bjørkeskogen der framme. Skal vi følge det?

– God idé, det er jo den retninga vi også skal gå.

– Fint med opptrakka spor.

– Glimrande

Pedro Filipe Matos brøytar veg opp mot Kvitegga.

Vi følger sporet inn i bjørkeskogen, som vert meir og meir glissen jo høgare opp vi kjem. Ved skoggrensa stoppar sporet. Det er tydeleg at her har feller blitt tatt av, og vi ser spor etter svingar. Lenger nede, heilt nede i dalen ser vi lysa på bussen til Stryn suse forbi Emdalsgjerdet.

– Ja, då får vi gjere resten av jobben sjølv.

– Berre gå først du.

Eg let Pedro gå først. Han går jo trass alt med dei breiaste skia, og dei tyngste støvlane. Han har jo tenkt å dra på nedover. Med tungt utstyr er det jo lettare for han å lage eit skikkeleg fast spor enn kva det er for meg, her eg går på små lette randoneeski. Vi går ikkje mange høgdemetrane over skoggrensa før dei få centimetrane med nysnø begynner å skli nedover på den harde og glatte snøen under. For kvart steg sklir også vi nokre centimeter nedover saman med snøen.

– Gidd vi det her? Ikkje å gå opp, men å gå på denne måten?

– Nei, det er vel enklare at vi berre bootpacker.

– Ja, det kjem til å gå mykje raskare.

Skia hamnar på sekkane. I god sunnmørsk tradisjon tek vi fatt på strakaste vegen til toppen. Kanskje vi har blitt miljøpåverka? Vi stoppar berre for å nyte synet av sola som stig opp over Overvollshornet på andre sida av Strandadalen. Nede på riksvegen har morgontrafikken verkeleg byrja å ta seg opp. Grandiosa, spekemat, sjømat, garderobeskap og møblar skal produserast og sendast ut i verda.

Sola har stige opp over Overvollshornet og Flosteinsnibba. Emdalstindane til høgre.

Når vi kjem til topps har klokka nærma seg halv ni. Vanlegvis ville eg vore på jobb no, eller i alle fall på veg ut døra. Eigentleg er eg jo på veg til jobben, eg har berre tatt omvegen via Kvitegga. Augo kvilar på Storhornet, Leirvasshornet, Smørskredtindane, Skruven og alle dei andre fjella som strekk seg mot himmelen. Løypene på Strandafjellet glinsar nypreparerte og innbydande ut bak Storhornet. Om vi hadde ønskja det, hadde vi rekt første heis med god margin. Men ein skal ikkje stresse og kave på fjellet. Vi tek oss heller tid til vår andre frukost.

– Tenk om vi hadde budd i ein by. Kvar hadde vi kome oss på like lang tid som det tok opp hit heimanfrå?

– Om vi budde i Oslo eller Bergen, hadde vi kanskje vore i London på denne tida.

– Glad for at eg sit her og ikkje i London.

– Ja, eg òg.

Det er ikkje feil med gresk yoghurt til frukost.

Dagens andre frukost er spist opp. Sola står enda høgare på himmelen og morgonbussen til Stryn kom nok fram til Stryn rutebilstasjon for over ein time sida. Dei som hadde bussbyte til Oslo, er nok snart på veg gjennom Hjelletunnelen på veg opp mot Strynefjellet. Utsikta er finare her oppe. Og det er mykje morosamare å køyre ski enn å sitje på bussen.

– Skal vi begynne å gjere oss klare til å stikke ned?

– Ja, eg må jo på jobb snart.

Pedro set ein morgonsving, Stranda i bakgrunnen.

 

 

 

 

 

.