Det vert ein festdag utan like når Stranda Spekemat inviterer til fest i Noregs skinkehovudstad laurdag 15. juni. Til og med sprintlandslaget kjem for å feite seg opp før dei startar oppkøyringa til ny skisesong.

Godt modna spekeskinke. Foto: Stranda spekemat.

«Vi ønskjer å lage ein fest for å prise Strandaskinka og lage litt blest rundt Noregs Skinkehovudstad,» fortel Lisbeth Koppang i arrangementskomiteen.

Det vert dekt opp eit stort spekebord i Stranda sentrum med fleire sortar spekeskinker. I tillegg vert det sjølvsagt eit bord med passande tilbehør, sett saman av Grilstad sine eigne kokkar. 

Om ein ønskjer å lære seg å lage nydeleg tapas av Strandaskinke, kan ein i løpet av dagen få opplæring i dette på kulturhuset. På Skinkerådhuset kan folk lære meir om historia til matindustrien på Stranda.

 

Skinkerådhuset i sentrum av Stranda.

 

Det blir også aktivitetar for dei minste, fortel Lisbeth.

«Det blir rebusløp for familiar frå Skinkerådhuset til Fløten, og medalje til alle som er med.

Småskalaprodusentar av mat og drikke kjem til å selje varer i eigne telt på torget, og på laurdagskvelden blir det festkveld for dei tilsette på Spekematen. Andre som vil vere med på festkvelden og oppleve fin underhaldning frå Kor Løye og Sykkylven Brassband, kan kjøpe billettar til dette på «Tikkio».

Søndag tek Stranda turlag med folk opp på Sunnmøre sin finaste topp under tusen høgdemeter, nemleg Lievarden. Det blir også satt opp minibuss frå Opshaugvik, slik at det ikkje blir trafikkork oppe på Lie. Turlaget guidar alle trygt opp i eit behagelig tempo. Det blir rekna ca. to timar til toppen. Alle turgåarar får sjølvsagt med seg ei matpakke frå Grilstad Stranda. 

Utsikt mot Stranda frå Lievarden. Foto: Martin Andrè Kristoffersen

Arrangørane forventar storinnrykk til bygda denne helga, og ein fest som dette kjem ikkje av seg sjølv. Mange av dei tilsette i Spekematen er difor med og hjelper til med arrangementet på dugnad. «No gler vi oss verkeleg til å syne fram den flotte spekeskinka og bygda vår for alle tilreisande», avsluttar Lisbeth. 

Det er berre å glede seg til den store skinkefesten.