Iskrem frå Storfjord Iskrem.

Foto: Mona Nordøy.

Når sola skin frå blå himmel og tindane speglar seg i ein stille fjord, er det få ting som smakar så godt som is frå Storfjord iskrem. Produsert i Stordal av mjølk frå geiter som beitar langsmed fjorden. Laga på ekte gelato-vis med italienske iskremmaskinar. Råvarene kjem frå lokale produsentar som til dømes Ytste Kilsti Gard, Valldal Grønt, Jacu Kaffebrenneri og Geiranger Sjokolade. På Stranda får du kjøpt iskremen på Kos kaffibar.

Minicruise til Geiranger

I sommar kan du nyte den majestetiske sjøvegen til Geiranger på Geiranger Fjordservice sin «Geirangefjord II.» Ei glimrande moglegheit til å la seg fortrylle av dei mektige fjella og buldrande fossane langs fjorden. I Geiranger anbefaler vi ein tur innom Norsk Fjordsenter. Her kan du lære mykje om fjordane våre og livet kring fjorden før i tida. Ein må bestille billettar på førehand for at båten skal legge til kai på Stranda og ta deg med innover fjorden. Dette gjer du på www.geirangerfjord.no

Gondoltur på Roalden

Foto: Martin Andrè Kristoffersen.

Det vert ikkje skikkeleg sommar før ein har note ein betre lunsj eller middag med verdas vakraste fjordutsikt. Same procedure as every year. www.strandafjellet.no  for meir info.

Plogging
Eit fint ord for kombinasjonen av jogging og plukke søppel. Vi tenkjer at dette er noko alle burde gjere på tur i fjella og ved fjorden. Ein treng ikkje nødvendigvis å jogge for å plukke søppel, ein kan også vandre langsamt. Lat oss gjere det til ein vane å plukke opp søpla vi finn i den vakre naturen vår.

Grillmat frå Platina Seafood

Foto: Mari Svenningsen.

Platina Seafood har utvikla ein prisvinnande serie lakseprodukt som passar perfekt til sommargrillen. Produkta er utvikla i samarbeid med Tine. Lakseburgaren med jalapeno og ost vann gull i NM for sjømatprodukt, medan laksepølsa med chili og ost fekk sølvmedalje i sin kategori. Ja takk, seier vi!

Symjetur

Å springe kan gi stor belastning på knea. Sykling kan medføre knall og fall. Symjing derimot er mildare for kroppen. Lat deg freiste av ein svalande symjetur i fjorden i sommar. Lengre bak i magasinet kan du lese om symjeturen over fjorden frå Stranda til Liabygda. Om du vert inspirert og vil symje over fjorden sjølv, er det lurt å ta med følgjebåt. Ein veit aldri når eit cruiseskip kjem fossande.      

Logg av sosial medium

Dei fleste av oss har ein konto på Facebook eller Instagram, og vi bombarderer kvarandre med det eine bilete flottare enn det andre. Det tek tid å publisere bilete med rett bildetekst, feil filter og ikkje minst dei viktige emneknaggane som gjev oss bekreftande likes frå folk vi ikkje kjenner. I tillegg skal ein halde seg oppdatert på kva alle andre gjer, dette tek også tid. Redaktør i magasinet Strek, Asle Finnseth skreiv nyleg. «Tiden man bruker på egenprofilering i sosiale medier, vil samtidig ofte være de timene og minuttene man ikke bruker, våkent og ansikt til ansikt, med sine nærmeste.» Sommaren er kort. Ikkje kast han bort på mobilskjermen. Bruk heller tida på å vere verkelg til stades med dine nærmaste. Om du opplever at det er vanskeleg å legge vekk mobilen, anbefaler vi at du tek han med deg på symjetur, så kan nokon som er ute og ploggar få ta seg av den etterpå.

 

Ost frå Skarbø gardsmeieri

Foto: Kristine Skarbø.

På Skarbø ystar dei ost, ost av det slaget som hentar heim internasjonal heider og ære. «Soleglad» fekk bronse i «World cheese awards» i 2018. Osten er sjølvsagt ysta på mjølk frå kyrne som beitar på garden. Kvifor ikkje ta turen innom gardsbutikken på Skarbø? Då kan du vandre vidare oppover skogen til Smørhola og nyte maten med fjordutsikt. 

Miljøvennleg cruising med Twizy frå Visit Stranda

I sommar kan du leige deg ein kul liten Twizy for å ta deg rundt på Stranda og omland. Dei små elektriske bilane har plass til to personar. Maksfarta er på 80 km/t og rekkevidda opp til 70 km.  www.visitstranda.com for meir info.

Ei god fjellbok

Få ting slår kjensla av å lese ei god bok i lyngen på toppen av eit fjell, heilt utan forstyrringar. Men det er ikkje alltid lett å vite kva slags lektyre ein skal pakke med seg i sekken. I verste fall kan jo ei feil bok øydeleggje den harmoniske stemninga. Her kjem difor tre tips til bøker du trygt kan ta med deg i fjellheimen. 

Fjellfolk / Ellen Emmerentze Jervell (roman)
Denne debutantromanen handlar om byfolk som lengtar til fjellet. På mange måtar er ho ganske trist, fordi det meste av handlinga går føre seg innanfor ring 2 i Oslo. I boka er fjellet ei flukt – vekk frå pliktene, ottene og dei kompliserte relasjonane i kvardagen. Og kven veit? Kanskje du også kjenner igjen lengselen etter å flukte? Det er i så fall fullt forståeleg og ingenting å skamme seg over. No treng du heller ikkje å lengte lenger. Du er jo her. Med ei god bok, i lyngen, i fjellet. 

Verda er ein skandale / Agnes Ravatn (essay)
Dette er ei bok om livet på landet. Ho handlar om forfattaren Agnes som flyttar til ei lita vestlandsbygd etter ti år i hovudstaden. På nabogarden bur forfattarkollegaen hennar Einar Økland. Han blir ein slags guru som lærer ho om det gode livet. Men han har dessverre ingen enkle svar på dei store spørsmåla i livet. Einar føretrekker å ta omvegar. Både i livet og litteraturen. Kanskje lar du deg inspirere til å prøve ein ny omveg ned frå fjellet? 

Heim / Hallgeir Opedal (vandrehistorie)
Denne boka handlar om å gå heim. Ikkje berre frå butikken eller fjellet, men 40 mil frå Oslo til Odda. På vegen møter forfattaren mange ulike menneske. Mest av alt møter han seg sjølv. Det blir nemleg ein del tid til tenking når heimvegen er på 40 mil. Kva er heim, undrar forfattaren på. Er det ein plass eller er det ei kjensle? Går det an å vere heime i fjellheimen? Mykje tydar på det.