Lyden av ein trimma motor overdøyver susinga frå Engesetelva. Plutseleg kjem Sakarias Hovde og motocrossykkelen flygande gjennom lufta med Storhornet som tilskodar. 

Tekst og foto: Martin Andrè Kristoffersen

Hjula treffer bakken og syttenåringen frå Stranda tek kontrollert imot kompresjonen. Han susar vidare i full fart medan grus og småstein sprutar frå bakhjulet. Vi er på bana til Stranda Motorsportklubb på Engeset under ei av Sakarias mange treningsøkter. 

Storhornet følger godt med når Sakarias gjev gass på Engeset.

Sesongen har byrja bra for den talentfulle motorcrosskøyraren frå Stranda. Han tok ein sterk 3. plass i Austlandscup på Magnor. Det er ikkje mange i hans aldersklasse som klarar å halde følge når han gjev gass. Guten hevdar seg godt, også mot eldre konkurrentar, og er heller ikkje redd for utfordre seg sjølv. Noko han gjorde til gagns i fjor med å ta delta i prestisjetunge «Red Bull Knock Out» i Den Haag i Nederland. 

«Red Bull Knock Out» er eit av dei tøffaste motocrossløpa i verda. Løpet går føre seg på sandstranda utanfor Den Haag. Her gjeld det å køyre fort lenge, det er eit enduro-løp. Alle deltakarane startar samstundes, men etter ein time får ikkje dei treigaste fortsette til finalen. I finalen vinn han som ledar når tida for løpet er over. 

Av over tusen deltakarar kom Sakarias på 183. plass. Ei aldri så lita bragd då han køyrde på mindre sykkel enn konkurrentane og med mindre bensintank. På grunn av storleiken på bensintanken måtte Sakarias tanke fem gongar under løpet, mot den eine fyllinga dei fleste andre konkurrentane hadde. Det var ei heftig oppleving for den energiske syttenåringen som til dagleg går andre året på idrettslinja på Stranda Vidaregåande skule

Det går rasande fort når Sakarias kjem køyrande som eit prosjektil på bakhjulet.

– Det var tidvis ganske skummelt å ligge på 117 km/t på stranda og kjenne at sykkelen surfa på sanden, og prøve å hente seg inn att medan nokon plutseleg tryna på sida, eller kutta rett inn framføre meg. 

Det er 1860 km frå Den Haag til Engeset. Midt mellom Sunnmørstindar og idylliske gardar køyrde Sakarias sykkel for første gong. Fire og eit halvt år gamal. 

– Vi lånte ein Yamaha PW50. Sakarias skulle få prøve å køyre i ei grushøle vis a vis crossbana den dagen ho vart opna i 2006. Eg må innrømme at eg nesten gav opp. Han køyrde ein meter og så stoppa det, og ein ny meter før det stoppa igjen. Vi begynte faktisk å pakke saman, men så sa ho Silje, nei vi prøver ein gong til. Ho stilte seg fem meter unna og sa, ‘no køyrer du til meg’. Og det gjorde han. Det blei ti meter, tjuge meter, femti meter, hundre meter. Men då køyrde han berre forbi ho og forsvann oppover vegen. 

Først då slo det foreldra at dette kanskje ikkje var så lurt. 

– Då kom panikken. Kva gjer vi no? Heldigvis kom han køyrande tilbake igjen. Då var det gjort, seier far Terje Hovde.

Fire og eit halvt-åringen starta straks å spare til eigen sykkel. Han fortalde alle i familien at han ønska seg pengar i bursdags- og julegåve. I Molde fann Terje ein brukt PW50 hos ein forhandlar. Saman tok dei den første av mange turar i motocrossærend ut av bygda for å kjøpe sykkel. Han fekk ikkje lange levetida. Berre etter nokre månader byrja Sakarias å botne sykkelen. Behovet for kraftigare sykkel var å sjå på kvar trening.

– Då kjøpte vi inn ein 12hk fulldempa KTM med vasskjølt motor. Sakarias vog berre 30 kg på den tida, det var klart at dette kom til å gå fort, seier Terje. 

Sakarias og Terje.

Det har blitt mange syklar opp gjennom åra. Etter kvart såg han verdien i å ha to syklar, slik at Sakarias kunne dra på trening og konkurranse i visse om at det blei køyring. Det er sånn at motorar og syklar ikkje alltid fungerer optimalt, og då kan det bli lite køyring om ein berre har ein sykkel som streikar. Å ha to syklar gjer jo til at kostnadene aukar betrakteleg. Det er ikkje like enkelt å få sponsorhjelp i individuell idrett, så då må foreldra bidra i satsinga. Terje jobbar som reisemontør i Optimar og jobbar ofte lange dagar for å finansiere satsinga. I tillegg er han servicemann, logistikkansvarleg og sjåfør.

Det er mykje reising og mange av køyreturane er lange når Sakarias skal ut å konkurrere. Det blir mange timar saman på trening, i garasjen og i bilen. Det er ikkje mange fedrar og søner som jobbar så tett saman som Sakarias og Terje.

– Vi bruker mykje tid ilag og jobbar mot det same målet, at han skal køyre raskast mogleg. Når vi skal ut og reise, er det mykje å tenke på. Syklane skal vere klare og alt skal pakkast. Om eg ikkje får hjelp til å pakke før løp, kan eg blir irritert. Det er eit minus at han har blitt mykje sterkare enn meg. Eg har ikkje noko eg skulle ha sagt, seier Terje og ler. 

– Ja, eg merkar nok han blir stressa i sånne situasjonar. Men eg tenker eg kan pakke baggen min dagen før, medan han gjerne vil vere klar nokre dagar før, svarar Sakarias. 

Terje held fram.  

– Til dømes då vi var på Magnor og sesongopna på Austlandscup. Arrangementet vara til klokka sju på kvelden. Med ni timars køyretur heim kom vi ikkje heim til Stranda før klokka fire på morgonen. Før vi kunne legge oss, måtte vi ta syklane ut av bilen slik at dei ikkje står med fjøringa i spenn. Vi kom oss nok ikkje i seng før kvart over fire. Det blei vel to timar med søvn den natta før det var opp å gå på jobb og skule.

Vanlegvis er Sakarias ute og spring ein fast treningsrunde klokka seks kvar morgon, men den nemnde morgonen stod han over treningsrunden. Motocross er eit samspel mellom maskin og køyrar. Sykkelen må vere tipp topp, det syter Terje for. Men treningsjobben må Sakarias legge ned sjølv. I tillegg til morgonturane, spring han ein langtur i veka og har to crossfit-økter. Treninga på idrettsgymnaset kjem på toppen av alt dette. No har han lagt bak seg ein vinter kor han har fått lagt eit godt treningsgrunnlag, og gler seg til å få enda meir tid til å køyre konkurransar rundt om i Noreg.

Skal ein bli best kan ein ikkje la seg stoppe av litt naseblod.

 

– Det er gøy å køyre sykkel, spesielt når eg merkar at all treninga gjev resultat. Eg har kome i betre form, og på grunn av den harde treninga står eg betre på sykkelen. Det er ei god kjensle og eg blir meir motivert når eg ser at eg blir betre. Målet mitt er å bli topp tre i NM i 125cc klassa. Då er eg nøgd.