Stranda Fjord Trail Race, eller Fjord trail´n, som løpet blir kalla blant lokale, feirar 5-årsjubileum i sommar. Det første året stilte 41 deltakarar til start på det 33 km lange løpet, og 19 på motbakkevarianten frå sentrum til Fjord panorama restaurant. Sidan den gong har SFTR blitt arrangert fire gongar og etablert seg som eit ettertrakta løp blant internasjonale fjelløparar. Til den femte utgåva er løparar frå 25 nasjonar påmeldte når det står att ein månad til løpet.

Tekst: Martin Andrè Kristoffersen

Vi har sett attende på dei første fire åra og deler her ei uoffisiell oppsummering over løpet som for alvor har sett Stranda på fjelløpingskartet.

2015

Det heile starta med ein treningstur over Blåhorna. Eg og Oscar Almgren (Uteguiden) hadde høyrt at  dåverande marknadssjef på Strandafjellet og Stranda hotel, Ellen Beate Wollen, hadde etterlyst eit arrangement som kunne trekke folk til bygda på sommaren. Ulike typar arrangement hadde blitt diskutert utan at noko konkret hadde kome ut av det. Om det var utsikta eller den førtifem grader bratte stigninga som gjorde utslaget, er usikkert, men på veg opp Mønet vart det bestemt at dette må jo fleire få oppleve; eit fjelløp vart unnfanga.

Utsikt mot Mønet og Lievarden frå den trivelege ura på veg opp Fremste Blåhornet. Foto: Martin Andrè Kristoffersen

Ikkje mange utanfor Strandas grenser veit kor ufatteleg vakkert området kring Lievarden og Blåhorna er, så marknadsføring måtte til. Knut Lasse Åm Sognnes fekk gleda av å vere løpemodell i vår første promofilm. Han sprang så lynraskt at om han hadde halde same farta i løpet, hadde han fått løyperekorden for evig og alltid. På innspellingsdagen var det som vanleg sol og blå himmel, og sjølvsagt fekk filmen mykje publisitet (blant anna delt av amerikanske Trailrunner magazine). 

Titals Strandarar stilte opp som frivillige, dei fleste er framleis med den dag i dag, og Salomon vart med som sponsor og gav deltakarskjorter og anna utstyr til dei frivillige. Overraskinga var stor då Salomonkleda vart henta. Det viste seg at trykkeriet hadde trykt feil logo på kleda. I staden for SFTR-logo, var det logoen til Uteguiden som pryda kleda. I og med at det berre var ein dag att til løpet, var det ikkje noko å gjere med dette. Deltakarane var uansett glade for skjortene dei fekk.

Ola Hovedenak smilande på veg opp Lievarden og til siger i det aller første SFTR. Foto: Axel Brunst.

Ola Hovdenak og Kristin Larsson vart dei første vinnerane av SFTR 33 km. Motbakkeløpet vart vunne av Robert Sogge og Stine Flo. Samstundes introduserte Ole Sivert Røyrhus, då 12 år gamal, seg sjølv med ein knallsterk tredjeplass. Sidan den gong har løpetalentet frå Stranda fokusert på bane og blant anna vunne NM i 800 m i si aldersklasse, og raska med seg ein hel del andre sigrar frå stemner rundt omkring. Konklusjonen etter den første utgåva var at arrangementet var vellukka.

2016

Suksessen frå første året freista nye løparar til å delta. Det resulterte i 139 deltakarar i andre utgåve av løpet. Blant dei var verdstjerna Emelie Forsberg, og ein drøss med andre sterke løparar, som Yoie Bohlin, Malene Blikken Haukøy, Tuva Toftedahl, Sindre Hoff, André Jonsson, Robert Sørlie og lokale Kjell Magnar Berli. Vêret spelte på lag med arrangøren og det var gode forhold for å springe i fjella. Men for nokon vart det litt vel varmt. 

Varmt var det også for ei skuleklasse som var på tur på Heimerhaugen nokre dagar i førevegen. Dei var så tørste, og etter å ha leska strupen med kaldt vatn, hadde nokon gløymt å skru att krana. Noko som resulterte i at brønnen gjekk tom etter kvart som dei første løparane var innom for å drikke.

Yoie Bohlin på toppen av Roaldshornet. Foto: Håvard Myklebust.

Yoie Bohlin sprang som det ikkje var nokon morgondag og kom i mål som første kvinne med blodige kne. Sindre Hoff forsvarte Sunnfjord si ære og gjekk sigrande ut av ein hard duell med André Jonsson. Motbakkevarianten vart avlyst då det ikkje var nok påmelde til å gjennomføre løpet.

2017

Bileta av ei smilande Emelie Forsberg med Storfjorden i bakgrunnen, samt uteljelege delingar i sosiale medium, sytte for rekordstor påmelding dette året. Løpet var fullteikna med 500 påmelde. Men godvêret vart ikkje med. Regnet hølja ned medan deltakerane vart transportert ut til start. Det einaste positive med vêret var at det ikkje kunne bli verre. Då starten gjekk, var dei fleste deltakerane allereie pissblaute. Men smila var like breie som tidlegare år. 

Pissblaute men glade deltakarar på veg opp Lievegen. Foto: Torstein Engeset.

Starten hadde blitt flytta nokre hundre meter lengre ned på Lievegen for å gje deltakerane litt meir tid til å spreie seg ut før dei skulle inn på råsa til Lievarden. Nytt av året var at arrangøren hadde plassert ut festivaltoalett i startområdet. Det er ikkje kjekt å springe langt med ubehag i magen, og toaletta vart flittig brukt. Som kjent er det ikkje alltid like enkelt å gjere seg ferdig raskt. Eitt minutt etter at startskotet ljoma mellom tretoppane langs Lievegen, opna døra på det eine toalettet seg. Ein fortumla og halvegs panikkslagen deltakar kom ut og la i veg i rekordtempo. Ekteparet Henriette og Jonathan Albon stakk av med sigeren i kvinne- og herreklassa i 33 km-løpet, medan motbakkeløpet vart vunne av av Adrian Håbet og Astrid Olafsdottir.

2018

Av og til tek ein grundig feil. Vêret kunne faktisk bli verre enn året i førevegen. Det som i starten av veka såg ut som ei lovande vêrmelding, forandra seg til ei stor utfordring for arrangøren. Til slutt vart ein tvungen til å gå bort frå den opphavlege traseen og gjennomføre begge løpa i alternative trasear. Arrangøren vart ikkje ferdig med å merke reservetraseen før langt på natt til løpsdag. Diverre vart det færre høgdemeter enn i opphaveleg trase på begge løpa, noko som var naturleg då det ikkje var forhold til å sleppe laus 300 deltakarer på dei alpine toppane. Men traseane vart lengre, og 33 km-løpet vart nesten til ein maraton, og det 9 km lange motbakkeløpet vart nesten 15 km. Målgong, som før hadde vore på Fjord Panorama Restaurant, vart flytta ned til Stranda sentrum då gondolen ikkje kunne gå pga. vinden som herja i fjella. Det var berre så vidt matstasjonen ved Blåhornsvatnet heldt seg ståande. Det var faktisk så mykje vind og så hustrig at løypevaktene, Linda Opsvik og Ragnhild Furset, fekk mange kommentarar frå deltakerar som syntest synd på dei som måtte stå heile dagen i det fæle vêret.  

Ola Hovdenak gjer som han alltid gjer på SFTR, spring raskast og vinn løpet. Foto: Martin Andrè Kristoffersen

Ola Hovdenak var tilbake dette året, og det var inga stor overrasking at det var han som stod på toppen av sigerspallen. Kvinneklassa vart vunne av svenske Johanna Åström. Motbakkeløpet som ikkje lenger var eit motbakkeløp, men eit terrengløp, vart vunne av Vegard Fredheim og Justine Braisaz.

Johanna Åström spring leikande lett oppover mot Duklidalen. Foto: Tor Sylte

2019

Nytt av året er endring på distansane. Den eine blir på 25 km og den andre på 48 km. Begge løpa startar på Opshaug. 25 km-løpet opnar opp for at fleire kan få oppleve den legendariske flytstien frå Lievarden til Duklidalen, kjenne suget i magen på Mønet og syra i beina på veg opp ura til Heimste Blåhornet. Målgang i sentrum held fram. 

48 km-løpet tilbyr dei same opplevingane som 25 km-løpet, pluss ein bonustopp: Rødsethornet. Rødsethornet har ein fin rygg å springe på med utsikt mot Lievarden og Heimste Blåhornet, framover mot Roalden og Skurahornet. Etter passering i Stranda sentrum går 48 km-løypa strake vegen opp til Roaldshorn, for så å vende tilbake mot Stranda nedover Trollvaregga, og Skurahornet. Denne traseen gjer 3 UTMB kvalifersringspoeng*. Sjansen er stor for at denne løypa vert like, om ikkje meir, segnomsust som den originale traseen. 

2020

Allereie no går ryktet om at 2020-utgåva av Fjord Trail’n kjem med eit enda lengre løp i ein trasé som blant anna vil gje deltakarene audiens hos dronninga av Sunnmørsalpane. Men først satsar vi på at godvêret melder seg på årets løp, slik at deltakarar frå nær og fjern igjen får ei god oppleving i bakgarden vår. 

*UTMB er fjelløpinga sitt svar på New York Marathon. Ein svær løpefest i fjella kring Chamonix. For å få delta i løp under UTMB, må løparar vise til eit visst tall UTMB-poeng, ut frå kva for eit løp dei vil delta i. 

Andre løp i regionen:

Mefjellet Opp. 

Motbakkeløp i Fjørå, 1100 høgdemeter på 7 km. Løpsdato er 22. juni, i år er løpet NM i motbakkeløp.

Hornindal Rundt

Løp som tek deltakerane rundt heile Hønndala. 75 km langt med 5700 høgdemeter. Finst også ein variant på 38 km. Løpsdato 6. juli.

1851 OppNed Norddal

Motbakkeløpet med flest høgdemeter i Noreg. Løypa går frå Norddal opp til Torvløysa og attende til Norddal. To kortare variantar finst også. Løpsdato 24. august.

Romsdalseggenløpet og Romsdalseggen Fjord to Summit

Norsk fjelløpklassikar over Romsdalseggen på 8,6 km og 900 høgdemeter. I tillegg kjem arrangøren med ein enda lengre variant, Fjord to Summit på 28 km og 2400 høgdemeter. Løpsdato 7. september.