Etter å ha sett opp massivtreblokka på Rellingbøen med omliggande hus og fleire hytter på Strandafjellet, har Emdal Arkitekter opparbeidt seg stor kompetanse på denne byggemetoden. No opplever dei etterspurnad frå heile landet, men det kjekkaste dei veit er å utvikle nye hytter og hus heime på Stranda.

Vi trefte syskena Linda Emdal, som er arkitekt, og broren Vegar Emdal, som er byggingeniør, i ei av dei nye hyttene i Øggarslia på Strandafjellet.

Foto: Martin Andrè Kristoffersen

PS: Kva er massivtre og kvifor er de så begeistra for det?

Linda: Massivtre er krysslaminerte treskiver brukt som konstruksjon og synleg overflate i veggar og tak. Byggeprosessen er effektiv og ein kan oppnå ambisiøse energinivå utan meirkostnadar.

Vegar: Dette er ein måte vi kan ta vår del av ansvaret for å redusere klimapåverknad. Spesielt i store bygg er det mykje å spare på å bruke treverk, samanlikna med stål og betong. Byggenæringa produserer mykje CO2, og står for 40 prosent av utsleppa i Noreg, både frå oppvarming og produksjon. Med å bygge i massivtre kan vi bidra til å redusere utsleppa. Dei gode og solide konstruksjonane vil også stå lenge, og er gode å leve i.

Framifrå ustikt frå hyttene i Øggarslia. Foto: Martin Andrè Kristoffersen

 

PS: De seier dette er energieffektive hus, kva legg de i det?

Vegar: Eg hadde faktisk eit føredrag om dette for nokre dagar sidan, der eg samanlikna tradisjonelle Moelven-hus frå 70-talet med massivtrehusa vi har sett opp nede på Rellingbøen. Massivtrehusa er nede på ein tiandedel av oppvarmingskostnaden. Dette er hus og hytter som treng lite strøm til oppvarming.

PS: Har de planar om å setje opp fleire hytter i massivtre på Stranda?

Linda: Vi har reguleringsplan for sju nye hytter. Men vi har starta på ein utvida reguleringsplan for å sjå om det er mogleg å få plass til enda fleire. Når vi først har gjort inngrep for å leggje veg vidare, då er det betre å byggje tett der vi allereie har gjort inngrep, så skånar vi området for enda større inngrep. Då kan skogen heller bli brukt til skikøyring.